Vikariat som sjukepleiar
Heimetenesta Nordfjordeid, Stad kommune
Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat som sjukepleiar i Heimetenesta avd. Nordfjordeid
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Heimetenesta har ledig vikariat i 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i todelt turnus frå snarast i avdeling Nordfjordeid. Vikariatet varer til 06.12.2026 med mogleg forlengig. Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og sjukepleiarfaglege tenester til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like. Sjukepleiarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å arbeide med heimebasert omsorg. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
- Er du i sluttfase av sjukepleiarstudiet oppfodrar vi deg til å søkje!
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Kompetansetillegg (inntil kr. 28 000)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i å planlegge arbeidstid
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan eller hjelpeturnusperiodar mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
- Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Rekrutteringstillegg på kr. 30 000 over tariff
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Marthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta, 95999604, marthe.stave@stad.kommune.noAnne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Fossevegen 106770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5095594989
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8387a6ef-4ecb-4b88-b985-9b9d9ca42f74
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3639d8651dbc4d61b8f524726eaefba1