Vil du vere med å gi ungdom i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Ruskonsulent Ung og miljøterapeut/feltarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Vil du vere med å gi ungdom i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Då håper vi du vil bli vår nye kollega!
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for barn, unge og familiar. I Familiens hus skal vi tilby støtte og oppfølging til barn, unge og familiar. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid med ungdommar, psykisk helse og rus, og som ser moglegheiter og tenker nytt til det beste for innbyggarane våre.
Vi har no ledig to faste 100 % stillingar som skal styrke laget rundt ungdommane i kommunen.100% Feltarbeidar/Miljøterapeut i Utekontakten
Som feltarbeider/miljøterapeut blir du ein del av eit fagleg sterkt og dynamisk team i Utekontakten i Bjørnafjorden kommune. Hovudoppgåva i denne stillinga er oppsøkjande arbeid retta mot ungdom på dei arenaene der ungdom oppheld seg.
Arbeidsoppgåver – Utekontakten
- Delta i oppsøkande arbeid på dag- og kveldstid.
- Være ein relasjonsbyggar til ungdom
- Tilby samtalar og oppfølging av ungdom, individuelt og i grupper
- Kartlegge og observere trendar og endringar i ungdomsmiljøa.
- Dokumenterer arbeid i tråd med interne rutinar.
- Delta i fagmøte, rettleiing og utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid.
100% Ruskonsulent Ung i Ungdomsteamet
Ungdomsteamet er eit tverrfagleg samansett team som skal møte ungdommar på deira arena og bistå i tverrfagleg samarbeid rundt einskildungdommar. Ungdomsteamet tilbyr oppfølging av ungdom individuelt og i gruppe med fokus på å styrke psykisk helse og førebygge negativ utvikling. Rolla som Ruskonsulent Ung har eit særleg fagansvar for det førebyggjande rusarbeidet retta mot ungdom. Du vil og ha ansvar for oppfølging av enkeltungdommar knytt til begynnande rusproblematikk. Målet for arbeidet er å bidra til å sikre ein trygg og heilskapleg kvardag for ungdommen.
Arbeidsoppgåver Ruskonsulent ung
- Målretta oppfølging: Drive individuelt oppfølgings- og endringsarbeid med ungdom i risikosona eller med etablert rusproblematikk.
- Førebygging, undervisning og informasjon: Planlegge og gjennomføre førebyggjande tiltak, samtaler og undervisning særleg på rusfeltet retta mot ungdom, foreldre og samarbeidspartnarar
- Bidra med drift og bemanning på Ung arena/Fjorden arena
- Oppfølging av ungdom individuelt og i grupper
- Oppfølging og endringsarbeid knytt til føresette
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (fortrinnsvis helse-, sosialfagleg utdanning).
- Ønskeleg med erfaring frå direkte arbeid med ungdom.
- Ønskeleg med miljøterapeutisk erfaring.
- For stillinga som Ruskonsulent Ung er det ønskeleg med vidareutdanning eller erfaring innanfor rusfeltet.
- For stillinga som Feltarbeider/miljøterapeut er det ønskeleg med erfaring frå oppsøkjande arbeid.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Førarkort klasse B.
- Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ser etter deg som:
- er ein trygg relasjonsbyggjar og som har evne til å skape tillit hos ungdom og samarbeidspartnarar.
- har gode samarbeidsevner.
- er uredd, positiv og kreativ i møte med ungdom.
- handterer avvising og evne til å byggje relasjonar over tid.
- er initiativrik og kan arbeide målretta, både sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit positivt og engasjerande miljø.
- Eit godt, inspirerande og utviklingsorientert fagmiljø med dyktige kollegaer.
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Arbeid med ungdom der du får vere med å utvikle tenestetilbodet vårt
Arbeidstid Utekontakten
Stillinga har ein fast arbeidsplan som for tida inneber: To kveldsvakter i veka til kl. 21.00, kveldsarbeid fredag og laurdag ca. kvar 6. helg til kl. 23.00. Helgearbeidet kan bli tilpassa etter kva som rører seg og skjer i bygda vår.
Arbeidstid Ungdomsteamet
Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. For denne stillinga må du rekne med arbeid inntil kl. 21, ein kveld i veka.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med:
- Feltarbeidar/Miljøterapeut i Utekontakten: Matias Meder Clemensen, avdelingsleiar – Tlf: 489 94 894 /matcle@bjornafjorden.kommune.no
- Ruskonsulent ung i Ungdomsteamet: Anne Hodneland Sundfjord, avdelingsleiar – Tlf: 995 91 842 / ahu@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
82c013ce-feff-4a75-a078-0e92e762fdce
- Sist endret
24. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3648875_195935_nn