Hopp til innhold

Inspektør på Lidar skule

Arbeidsgiver

Lidar skule, Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 3114, 2950 Skammestein

Om jobben

Stillingstittel
Inspektør på Lidar skule
Type ansettelse
Fast, deltid 47%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Lidar skule har 97 elevar komande skuleår. Det er sju klassar i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss i to team, 1.-4. trinn og 5.-7. trinn.  Vi har eit eit godt arbeidsmiljø, ein godt etablert delingskultur og eit kollegium som set elevane i sentrum.

Lidar skule har ledig 47 % fast stilling som inspektør frå 01.08.2026.

Vi ser fram til å høyre frå deg! 


Arbeidsoppgåver

Som inspektør vil du vere med i leiargruppa på skulen saman med rektor og teamleiarar. Oppgåvene til inspektør blir satt i dialog med rektor og etter innspel frå tillitsvald på skulen. Vi kan nemne oppgåver som kan vere aktuelle: vikarhandtering, ansvar for elevane sin utvikling i samsvar med Opplæringsloven §11-2 og 11.3, ansvar for å følgje opp og skrive vedtak for elevar med rett til særskilt språkopplæring i samsvar med Opplæringslova § 3-6 og 3-7., koordinator for ansvarsgrupper.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som lærar i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1 - §12-4
  • God kompetanse innan klasseleiing og relasjonar
  • Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel om du har erfaring med  teamleiarrolle, plangruppe eller liknande leiarfunksjonar frå barneskule.

Personlege eigenskapar

For elevane på Lidar skule er det viktig at du:

  • er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss på Lidar skule, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulen har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.



Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
Lærarar har telefongodtgjering og avtale om arbeidstøy.
Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.

Som busett i Øystre Slidre kommune får du nedskriven studielån.

Kontaktinformasjon

Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813

Arbeidsstad

Bygdinvegen 3114
2950 Skammestein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5141869546
Stillingsprosent: 47%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Sissel Dahle Lie

Rektor Lidar skule

+47 99690813

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

81fd37b5-0f3b-4fbd-abc4-f57f4f31454a

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c5a1fbad72fb473196df8447265d05d0

Lignende annonser

Laster lignende annonser