Hopp til innhold

Kokk 100 prosent, vikariat mars til desember 2026

Arbeidsgiver

Mandelhuset As

Sted

Hegglandsvegen 4, 5680 Tysnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Mandelhuset søkjer ein engasjert og kokk til fulltids vikariat frå mars 2026 til og med desember 2026. Mandelhuset ligg heilt i sjøkanten i Våge, med utsikt mot sjø. Me er eit levande serveringssted med fokus på gode råvarer, kultur og underhaldning. Me er lærebedrift med kokkelærlingar.

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Du har fagbrev som kokk eller relevant erfaring
• Du har erfaring frå a la carte og selskap
• Du har gode kunnskapar om sjømat, fisk og skalldyr, og lyst til å lære endå meir
• Du arbeider effektivt og nøyaktig, også når tempoet er høgt
• Du har god forståing for råvarer, innkjøp og økonomi
• Du er fleksibel og tåler at arbeidskvardagen varierer gjennom året
• Du trivst med å jobba i team og har gode samarbeidsevner
• Du kan jobba sjølvstendig når det trengs
• Du beherskar norsk eller som minimum god engelsk

Arbeidsoppgaver

• Produksjon og anretning av lunsj og middag til restaurant, selskap og catering
• Sikra god kvalitet på mat, reinhald og rutinar på kjøkenet
• Koordinering av servering ved selskap, kurs og konferanse
• Ansvar for drift av kjøkenet når kjøkkensjefen ikkje er til stades

Vi tilbyr

Eit kjøken som er moderne og godt utstyrt, eit miljø der fagkunnskap blir sett høgt og der me brukar lokale råvarer med stoltheit. Du jobbar tett saman med erfaren kjøkkensjef og dyktige kollegaer, og får reell moglegheit til å utvikla deg fagleg gjennom varierte oppgåver, store sesongar og ulike arrangement.

Du får påverka meny, arbeidsflyt og kvalitet, og me legg stor vekt på samarbeid, tryggleik og trivsel på jobb. Løna er konkurransedyktig, arbeidstida er variert og me er ei lærebedrift som satsar på kompetanse.

Mandelhuset er ein sosial og inkluderande arbeidsplass der det er kjekt å gå på jobb og der du blir ein del av eit lag som bryr seg om både mat, folk og lokalsamfunnet.

Om bedriften

Mandelhuset er ein restaurant ved sjøkanten i Våge på Tysnes. Me har gode råvarer på a ala carte og selskap, og driv både restaurant, selskap, catering og ulike kulturarrangement. Kjøkenet er moderne, miljøet er fagleg sterkt og me er lærebedrift med fokus på utvikling, kvalitet og trivsel. Trivsel er viktig!

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

81b15ba7-b682-4892-9aba-b7dfa729a1ad

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

81b15ba7-b682-4892-9aba-b7dfa729a1ad

Lignende annonser

Laster lignende annonser