Hopp til innhold

Ferievikar hos dagavdelinga

Arbeidsgiver

Voss herad Dagavdeling Hagahaugen/Voss sjukeheim

Sted

Hagahaugvegen 30, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar/Assistent
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Hagahaugen dagavdeling har eit tilrettelagt aktiviseringstilbod for heimebuande personar med demens, fem dagar per veke. Dagavdelinga har også eit ettermiddagstilbod fire dagar per veke.
Aktivitetstilbudet skal bidra til ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Det skal fokuseres på aktivitet, oppleving av meistring og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulera til å vedlikehalda dagleglivets funksjoner hos brukar.

Me treng ferievikarar i perioden 15. juni til 16. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 6 veker. 

 Arbeidsoppgåver:
  • Interesse for å arbeide med eldre med demens
  • Hente og frakte bruker til og frå dagplass i samarbeid med sjåfør
  • Lage enkle måltid, frukost, kaffimat og servere middag
  • Tilrettelegging og støtte til aktivisering av brukar
  • Dokumentere i journalsystemet Aidn
Personlege eigenskapar:
  • Du er punktleg og til å stole på
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er positiv
  • Du er god på å samarbeide med andre
  • Du er lett å snakka med
  • Du spør når det er noko du lurer på
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
Informasjon:
  • Passar for studentar, elevar, assistentar o.l
  • Du som søkjer må helst vera over 18 år
  • Du får opplæring
  • Arbeidstid 08:00-15:30 eller ettermiddag 11:00-18:30
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Søknaden skal sendast elektronisk til Voss herad


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristine Alice Brendmo

kristine.a.brendmo@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

816a8343-4c61-4121-84b1-5062f53c0397

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3590495_213043_nn

Lignende annonser

Ferievikar i avdeling MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne)

Arbeidsgiver

Voss herad MMNF Felles

Sted

Voss