Hopp til innhold

Bli leiar for produksjonsavdelinga i sjukehusapoteket - tett på pasientbehov og legemiddel

Arbeidsgiver

SIB Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar Produksjonsavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i dag

I produksjonsavdelinga ved Sjukehusapoteket i Bergen lagar vi legemiddel som ikkje finst frå industrien, ofte skreddarsydd til barn, kreftpasientar, intensivpasientar og andre som treng spesialtilpassa behandling.  

Som avdelingsleiar får du ansvaret for å utvikle og leie eit sterkt fagmiljø, tett på pasientbehov og i samarbeid med både resten av apoteket og sjukehuset. Her blir du ein del av noko større, og får leie om lag 50 dyktige fagfolk som arbeider for trygg og nøyaktig legemiddelproduksjon kvar dag. 

Du får byggje vidare på eit solid fundament og dra nytte av erfaringane til Christina, som leiar avdelinga no og vil vere ein verdifull støttespelar for deg i overgangsfasen. Din leiar blir apotekar Waled, ein roleg og trygg kar som vil gi deg både tillit og handlingsrom og vere ein god sparringpartnar.  Som leiar og kollega får du også støtte frå eit etablert leiarteam både i produksjonsavdelinga og i apoteket.  

Dessutan blir du del av den regionale faggruppa for produksjon i Sjukehusapoteka Vest, der du får høve til å lære, dele erfaringar og påverke utviklinga på tvers av organisasjonen.  

Vi høyrer gjerne frå deg om du lurer på noko. 

Om arbeidsoppgåvene

Som leiar for produksjonsavdelinga

  • har du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal 
  • vil du leie og utvikle avdelinga vidare i tett samarbeid med to seksjonsleiarar 
  • er du medlem av leiargruppa ved apoteket 
  • kan det vere aktuelt å ta del i drift og vaktordning ved behov  

Kvardagen som leiar hos oss er spennande og variert. Lista ovanfor er ikkje uttømmande, og andre oppgåver kan tilfalle stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som farmasøyt og utdanning på masternivå 
  • fordel med leiarerfaring frå apotek 
  • god forståing for digitale verktøy og interesse for teknologi og forbetring 
  • trygg språkføring på norsk, både munnleg og skriftleg 
  • gjerne kjennskap til produksiområdet

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein tydeleg leiar som byggjer lag, ser løysingar og får ting til å skje. Du skapar retning for medarbeidarane dine, med høge krav til kvalitet og presisjon, men også med rom for humor og læring. Det blir også lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga. 

Hos oss får du

  • ei sentral leiarstilling i eit stort og utviklingsorientert fagmiljø 
  • støtte frå engasjerte og erfarne kollegaer 
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det rundt 350 medarbeidarar, delt på fem sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Hos oss arbeidar det farmasøytar, apotekteknikarar, sjukepleiarar, anna helsepersonell, prosjektleiarar og medarbeidarar innan HR, økonomi, IKT og kommunikasjon. Kvar arbeidsdag bidrar alle på kvar sin måte til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett og trygg måte.

Kontaktinformasjon

Waled Al-Zayadi, Sjukehusapotekar, +47 93 69 24 20, waled.al-zayadi@sav.no
Christina Pia Strunck, Konstituert avdelingsleiar, +47 40 20 12 80, christina.pia.strunck@sav.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 89
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5068745840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Christina Pia Strunck

Konstituert avdelingsleiar

+47 40 20 12 80

christina.pia.strunck@sav.no

Waled Al-Zayadi

Sjukehusapotekar

+47 93 69 24 20

waled.al-zayadi@sav.no

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

815db8ea-dd09-423a-9477-2bfd210d5a64

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5446cb10109940499eee1cfff1e392b9

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Føretaksadministrasjonen, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Bergen