Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket Haraldsplass
SIB Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest
Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket Haraldsplass
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne kollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek og
ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får
legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
På sjukehusapoteket i Bergen er vi cirka 145 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i produksjonsavdelinga, sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Bergen får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept
På sjukehusapoteket Haraldsplass er vi 7 medarbeidarar, både farmasøytar og apotekteknikarar. Vi er fordelt på to avdelingar som jobbar tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i begge avdelingane. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at avdelingane på sjukehuset Haraldsplass får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august. Du må gjerne jobbe heile denne perioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Skriv også om du ønskjer å jobbe på eit av apoteka eller om det er det sama kva apotek du jobbar på.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar:
- farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
- andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar
Kven er du?
- Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr:
- sjansen til fagleg og personleg utvikling
- gode og støttande kollegaer
- opplæringa du må ha
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Waled Al-Zayadi, Sjukehusapotekar, 93692420Bisharo Osman, Sjukehusapotekar, 41416434
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 895021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5066016730
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Waled Al-Zayadi
Sjukehusapotekar
93692420
Bisharo Osman
Sjukehusapotekar
41416434
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72e66c58-3027-4f32-9d7f-f96c30843992
- Sist endret
23. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf1d9b6a66024300b5b83d2eac21517d
Lignende annonser
Sommervikarer
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen
Sommervikar til helsetjenesteteam
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen