Assisterande seksjonsleiar
Voss Sjukehus, Kirurgisk seksjon, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterande seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Grunna foreldrepermisjon har me ledig vikariat som assisterande seksjonsleiar i Kirurgisk Seksjon ved Voss sjukehus.
Oppstart frå mai, evt. etter avtale. Vikariatet går til februar 2027.
Me ser etter deg som vil vere ein del av vårt leiarteam, som har lyst på varierte arbeidsoppgåver i ein kjekk og spennande jobb der ingen arbeidsdagar er like.
Kirurgisk seksjonI Kirurgisk seksjon har ein samla all aktivitet innan fagområda kirurgi, ortopedi og gynekologi for døgn-, dag- og poliklinikkpasientar. Kirurgisk seksjon vil handtere elektiv drift og øyeblikkeleg hjelp, i poliklinikk og på sengepost. Ved avdelinga er det tilsett sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiologar, sosionom og merkantilt personale. Me ynskjer å vere ein aktiv og tverrfagleg arbeidsplass med stabilt personale, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse.
Til denne stillinga er arbeidsoppgåvene i stor del tilknytt vår sengepost, men ein må rekne med å ta delansvar for heile seksjonen ved behov.
SengepostSengepost i Kirurgisk seksjon er ein heildøgnspost med 25 senger innan fagområda gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Posten har elektiv drift med planlagde operasjonar kombinert med øyeblikkeleg hjelp innleggingar. I tillegg har ein open retur funksjon og kompetanse på smertelindring, kreftomsorg og palliasjon.
På sengepost jobbar det sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar. Nokre av medarbeidarane i sengepost har arbeidsoppgåver i poliklinikk.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Her møter du høg aktivitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og engasjement. Me er stolt leverandør av spesialisthelsetenester til 31000 innbyggjarar - i tillegg til at me samhandlar tett med Haukeland universitetssjukehus både når det gjeld kompetanse og pasientflyt.
Arbeidsoppgåver
- Halde oversikt og bidra til å sikre god drift av sengepost og poliklinikk
- Dag til dag styring med fokus på bemanning, fordeling av ressursar og oppretthalde aktivitet.
- Medarbeidar oppfølging , i samarbeid med seksjonsleiar
- Bidra i forbetringsarbeid og vidare utvikling av våre tenester
- Delta i planlegging og oppfølging av studentar og lærlingar
- Rekruttering og kompetanseutvikling, i samarbeid med seksjonsleiar
- Systemarbeid
- Bemanningsplanlegging og årsplanarbeid, i samarbeid med seksjonsleiar
- Arbeide for god samhandling internt og eksternt
- Legge til rette for godt arbeidsmiljø
- Stedfortreder for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
Krav om at du- Meistrar norsk munnleg og skriftleg godt
- 3 årig helsefagleg bakgrunn
- Har kjennskap til lov- og avtaleverk
- Har IKT-kompetanse
- Har kjenskap til drift av sengepost
- Har erfaring frå klinisk arbeid
- Har erfaring med IT-system nytta i spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Du må
- vere motivert for leiaroppgåver og ha evne til å ta eigarskap til rolla som assisterande seksjonsleiar
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner , vere fleksibel og bidra til gode relasjonar i eiga eining, på tvers av faggrupper (team) og nivå i organisasjonen
- vere engasjert, ha evne til å engasjere og involvere tilsette
- ha evne til å jobbe systematisk
- ha evne til å ta initativ og arbeide sjølvstendig
- ha vilje til å tileigne deg ny kunnskap
- vere lojal mot beslutningar i leiargruppa
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192, ranveig.herheim.knapstad@helse-bergen.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5070992792
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8153adde-3483-4358-ac37-ffb0ef22f474
- Sist endret
4. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bcf6c8a0ac364f97acad39e978764f6a
Lignende annonser
Seksjonsoverlege
Arbeidsgiver
Voss Ortopediske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Sted
Voss
Sjukepleiar – faste stillingar ved Voss sjukehus
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sted
Voss