Nevropsykolog
Nevropsykologisk poliklinikk Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Nevropsykolog
- Oppstart
- 31. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. april
Nevropsykologisk poliklinikk høyrer til Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna. Poliklinikken er i ei særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre.
Pasientane kjem hovudsakleg frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinjetenesta. Poliklinikken har seks psykologstillingar og eit godt utstyrt nevropsykologisk testlaboratorium med tre testteknikarstillingar.
Avdeling psykisk helsevern Haugesund, der poliklinikken held til, har eit sterkt fagmiljø innan utgreiing av kognitive funksjonar. I tillegg til Nevropsykologisk poliklinikk omfattar miljøet både Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk, der det i dag er tre psykologar i spesialisering og ein psykologspesialist.
Poliklinikken er lokalisert i Avdeling psykisk helsevern Haugesund, der du blir del av eit sterkt fagmiljø innan kognitiv utgreiing. Her finn du òg Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk, med fleire psykologar i spesialisering og psykologspesialist.
Seksjonen har nær tilknyting til forskingsmiljøet i helseregionen, og vi har i dag tre tilsette med ph.d. Det er ein fordel om du har interesse for forsking, men det er ikkje eit krav.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Nevropsykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- Psykolog med norsk autorisasjon kan også bli vurdert dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med spesialistkompetanse.
- Norskkunnskaper, C1 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er:
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Engasjert
- Like varierte utfordringar
Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring.
Kvifor skal du velje oss?
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For psykologar i spesialisering tilbyr vi eit komplett utdanningsforløp, med opptjening av ei veke permisjon per år for å skrive spesialistoppgåva.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monica Haraldseid Breitve, Funksjonsleiar, +47 91641047-52732772Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5101713140
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 23.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Monica Haraldseid Breitve
Funksjonsleiar
+47 91641047-52732772
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
814b1631-6f7a-4469-baa3-4bbca0e173b2
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae43d7559d5d48b386ad67d3cc5f5e1d