Hopp til innhold

Profesjonell og personleg- bli vår nye rekneskapsførar

Arbeidsgiver

Vimente As

Sted

Rovdestranda 676, 6141 Rovde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Autorisert Regnskapsfører
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vimente AS opplever vekst og søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig statsautorisert rekneskapsførar (eller ein med tilsvarande relevant erfaring) som ønskjer nye utfordringar.

Hos oss får du høve til å arbeide i eit lite og uavhengig firma der samarbeid, fagleg kvalitet og trivsel står i sentrum. Vi verdset eit godt arbeidsmiljø, open kommunikasjon og ein kvardag der alle bidreg til å finne dei beste løysingane for kundane våre.

Du vil få ansvar for eigne kundar og oppdrag, samstundes som du har eit tett samarbeid med kollegaer og oppdragsansvarlege.

Vi ser etter deg som:

  • er statsautorisert rekneskapsførar, eller har relevant erfaring innan rekneskap eller økonomi

  • har god forståing for kundebehandling og rådgjeving

  • arbeider sjølvstendig, men trivst med samarbeid

  • er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet

Vi tilbyr:

  • eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø

  • fleksibel arbeidstid og moglegheit for hybridkontor

  • varierte og utviklande arbeidsoppgåver

  • konkurransedyktige vilkår

Om bedriften

Vimente AS er eit lite, uavhengig rekneskapskontor med sterk lokal forankring. Vi tilbyr rekneskapstenester til næringslivet i regionen og har eit breitt spekter av kundar innan ulike bransjar.

Hos oss får du arbeide i eit inkluderande miljø med varierte arbeidsoppgåver og tett samarbeid med lokale verksemder.

I Vimente AS legg vi vekt på trivsel, fagleg utvikling og godt samarbeid. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, utvikle deg vidare innan rekneskapsfaget og vere ein del av eit lite, engasjert team som set kunden først. Vi verdset initiativ, ansvar og godt humør -- og meiner at god balanse mellom arbeid og fritid er nøkkelen til suksess.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

808eafd7-848c-4dbf-b639-588008d610cc

Sist endret

1. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

808eafd7-848c-4dbf-b639-588008d610cc

Lignende annonser