Hopp til innhold

Fysioterapeut med driftstilskot

Arbeidsgiver

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Sted

Slyngstadvegen 4, 6264 Tennfjord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut med driftstilskot
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Selvstendig næringsdrivende, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haram kommune har ledig 100 % driftsavtale for fysioterapeut frå 01.06.2026.
Heimelen er knytt til Apeks Fysioterapi AS, og praksisen skal drivast frå desse lokala med adresse: Apeks Fysioterapi AS, Slyngstadvegen 4, 6264 Tennfjord. Fysioterapiheimelen skal driftast som eit enkeltpersonforetak. Tiltredande fysioterapeut vil inngå ein leigeavtale med klinikken, med moglegheit for innkjøp på sikt.

Apeks fysioterapi er ein veletablert klinikk som starta opp i 2010, med god tilgang på pasientar. Klinikken har lett tilkomst og gratis parkering. Klinikken blir driven som eit AS, er knytt til Norsk Helsenett og nyttar Physica som journalsystem. Klinikken har to 100% heimlar og har ein stor andel av ortopediske pasientar. Apeks fysioterapi flytta inn i nyoppussa og moderne lokale hausten 2024. Lokala som er universelt utforma, inneheld fire behandlingsrom, areal for kondisjonstrening/oppvarming, MTT-del og ein treningssal.
Driftsavtalen inngår i eit dødsbu, og økonomisk oppgjer (goodwill) blir avklart med etterlatte.

Fysioterapeuten skal drifte praksisen i samsvar med relevant helselovgiving og den til kvar tid gjeldande ASA 4313. Tilfredstillande politiattest må leverast før oppstart, i samsvar med gjeldande regelverk.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet som fysioterapeut med driftsavtale omfattar ei klinisk tilnærming til undersøking, kurativ behandling, rehabilitering/opptrening og førebygging av skade/smerter i muskel- og skjelettapparatet.
  • Praksis er forankra i evidensbasert kunnskap.
  • Arbeidet inneber pasientforløp med kontinuerleg vurdering av behov og prioriteringar, dette for å bidra til effektive og gode fysioterapitenester i klinikken og i kommunen.
  • Aktivt bidra til å fremje helse, førebygge plager og motivere pasientar til ivaretaking av eiga helse. Motivere til fysisk aktivitet, meistring av personlege helseutfordringar og endringsprosessar, individuelt eller i mindre grupper.
  • Delta i den daglege drifta og ansvaret for Apeks fysioterapi, samt medverke til positiv utvikling av klinikken på lengre sikt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg godkjend fysioterapeut.
  • God kunnskap i norsk språk, skriftleg og munnleg (minimum B2 nivå).
  • Lang erfaring innan klinisk og diagnostisk fysioterapi; muskel- og skjelettundersøking, kurativ behandling og rehabilitering.
  • Spisskompetanse innan klinisk ortopedisk fysioterapi.
  • Breiddekompetanse innan fysioterapifaget.
  • Erfaring innan drift som sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med avtaleheimel.
  • Kunnskap og erfaring om takstsystemet (Helfo), gjeldande helselovverk og reglar.
  • Førarkort klasse B og må disponere bil.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og pliktoppfyllande med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Strukturert og systematisk, men også løysingsorientert for å gi effektive tenester.
  • Empatisk og har evne til å skape gode relasjonar.
  • Motivert, engasjert og har stor interesse for fysioterapifagleg utvikling.
  • Sjølvstendig, ansvarsfull  og med stor arbeidskapasitet, med evne til å organisere/drifte klinikken på eiga hand i periodar (t.d ved ferieavvikling,kurs m.m).
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass som er godt eigna for fysioterapeutdrift, med nye moderne lokale, god plassering sentralt på Eidet (10 min køyring frå Digernes, 20 min køyring frå Moa).
  • Ein etablert arbeidsplass med god pasienttilgang.
  • Eit positivt arbeidsmiljø med rom for utvikling, vekst og nytenking.
  • Ein variert og utfordrande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din aktivt med fagleg autonomi.
  • Du vil inngå i eit lite arbeidsmiljø gjennom å dele erfaringar og få tilbakemeldingar, og saman bygge eit profesjonelt felleskap rundt fysioterapifaget i klinikken.

Kontaktinformasjon

Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Slyngstadvegen 4
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5065821062
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 22.02.2026

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

806412d9-b823-4d03-af81-ef8c9d5c8ef4

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

02aabd4063cd4042a9b76a82dd104c97

Lignende annonser