Smittevernsjukepleiar
Avdeling for smittevern
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Smittevernsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. november
Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar?
Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.
Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund.
Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kva går jobben ut på?
- Rådgiving/undervisning/internrevisjon.
- Smittesporing og utbrothandtering.
- Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data).
- Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet.
- Forbetringsarbeid og kampanjar .
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- norsk autorisasjon som sjukepleier
- god digital kompetanse
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ønskeleg at du har:
- videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
- klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste
- undervisningserfaring
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
- har god evne til å motivere andre og knytte kontakter
- er fleksibel og løysningsorientert
- viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Engasjerte kollegaer som samarbeider tett.
- Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar.
- Faglege utfordringar.
- Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet.
- Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5201250082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Kirsti Hermstad
Funksjonsleiar
+47 97578088
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
804f340e-a2a7-4889-8525-c1d5b77b295a
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
11b919028beb4127a2b3af155178a426