Sjukepleiar søkjast til vikariat
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. februar 2027
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 62,5% 1 års vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. november
Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt.
Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling.I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg! 💙
Kva går jobben ut på?
- Utføra prosedyrar som sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og handtering av sentrale og perifere venekateter.
- Delta i arbeid på sengepost, undervisning, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid.
- Ta imot og følgja opp pasientar.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Gi god omsorg til pasientar og pårørande.
- Delta i tverrfaglege grupper.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar.
- Erfaring frå kreft, infeksjon og/eller diabetes er ein fordel.
- Vidareutdanning innan kreft, diabetes eller infeksjon er relevant og vil bli vektlagt.
- Må meistra godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode IKT-kunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du må kunne arbeida godt både sjølvstendig og i team.
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel.
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet.
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert.
- Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo.
Kvifor skal du velje oss?
- Som nytilsett får du eit opplæringsprogram som gjer at du skal kjenna deg trygg og ivareteken.
- Me tilbyr ein variert arbeidskvardag der du kontinuerleg lærer nye ting og får utfordra deg sjølv.
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA).
Kontaktinformasjon
Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5203107380
Stillingsprosent: 62,5%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 16.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Eilerås Bertelsen
Funksjonsleiar
+47 99360935
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a652e75c-4d04-47cd-99f6-8e45709cc3f8
- Sist endret
2. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f81bf21293de41f7bb54d1d78fa1008e