Jurist
Digitaliseringsdirektoratet
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Jurist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
Om stillinga
Er du ein sjølvstendig og framoverlent jurist med interesse for digitalisering? Vil du vere med å utvikle det juridiske miljøet i Digitaliseringsdirektoratet for å sikre ein effektiv, brukarretta og rettssikker digitalisering?
Digdir søkjer jurist til vår seksjon for Strategi og forretningsutvikling, som er ein del av avdeling for fellesløysingar. I skjeringspunktet mellom jus og teknologi oppstår det mange spanande og interessante juridiske spørsmål. Her treng vi deg.
Som jurist hos oss vil du jobbe praktisk i kryssinga mellom jus og teknologi og du vil bidra med rettleiing og produktutvikling. Arbeidsoppgåvene er varierte og dynamiske og vil bli tilpassa til den enkelte tilsette.
Bruken av våre digitale fellesløysingar har hatt kraftig vekst dei siste åra. Løysingane blir nytta av nær alle offentlege verksemder og er avgjerande for at forvaltninga kan levere gode digitale tenester til innbyggjarar, næringsliv og frivillig sektor. Avdeling for fellesløysingar har eit spesielt ansvar for utvikling, forvaltning og drift av nasjonale fellesløysingar, som ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Digital post. Vi har også ansvar for drift av interne og eksterne IT-system, ulike IT-relaterte rådgjevingsoppgåver og brukarstøtte.
Juridiske spørsmål som dukkar opp i samband med utvikling av dei nasjonale fellesløysingane omfattar mellom anna personvern, informasjonstryggleik, spørsmål til og forvaltning av IKT-kontraktar og skytenester knytt til offentlege fellestenester. Det er innslag av forvaltningsrett, konkurranse- og statsstøtterett, EU/EØS-rett, offentlege innkjøp og andre rettsområde innanfor Digdir sitt samfunnsoppdrag.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit tverrfagleg miljø som kjenneteiknast av høg kompetanse, godt samarbeid og viktige oppgåver. Som jurist vil du jobbe tett på våre IT-utviklingsmiljø og i tverrfagleg samarbeid med designarar, sikkerheitsrådgjevarar, utviklarar og andre teknologar og innovatørar. Dette skjer i tverrfaglege team som jobbar smidig innanfor eigne ansvarsområde.
Les meir om korleis det er å jobbe som jurist hjå oss på Samarbeidsportalen.
Stillinga er fast og har kontorstad på Leikanger, i Sogndal kommune. Sogndal og Sogn er eit eldorado for ulike friluftsinteresser som toppturar på ski, stiløping- og sykling og klatring, i tillegg til mellom anna jakt, fiske, fjellturar og kajakkpadling. Sogn som region er ein perfekt stad å kombinere ein spennande og gjevande jobb med ein aktiv fritid.
Arbeidsoppgåver
- utgreiingsoppgåver prega av nybrottsarbeid innanfor digitalisering og regelverksutvikling
- gje juridiske råd og rettleiing innanfor ansvarsområda til avdelinga,
- delta som juridisk ressurs i digitaliseringsprosjekt, med vekt på bidrag inn i utvikling av system for digital representasjon
- delta i ulike utviklings- og anskaffelsesprosjekt
- følgje opp og forvalte avtalar med leverandørar
Kvalifikasjonar
Du må ha:- master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- interesse for digitalisering og IT-utvikling
- erfaring frå eller god kjennskap til offentleg forvaltning
- innsikt i juridiske utfordringar knytt til digitalisering og IT-utvikling
- relevant erfaring med IKT-rett, legal tech, personvern, forvaltningsrett, EU/EØS-rett eller konkurranse- og statsstøtterett, men også dei utan slik erfaring og nyutdanna blir oppfordra til å søkje
Personlege eigenskapar
Du er/har
- sjølvstendig og initiativrik, samtidig som du trivast med å jobbe saman med gode kollegaer i team på tvers av ulike fagmiljø
- interesse for digitalisering og likar å jobbe i kryssinga mellom jus og teknologi
- god på å setje deg inn i nye problemstillingar og vere løysingsorientert
- god formuleringsevne og kommuniserer klart
Vi legg stor vekt på om søkjar er personleg eigna.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 750 000 – kr 950 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Fagdirektør Gunn Cecilie Timberlid Hundere
E-post: gch@digdir.no
Telefon: 93091743
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f9c4938-8bab-40bd-a1aa-82a8d2984c4c
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276685
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Leikanger