Verksbetjent- serviceteknikar
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Om jobben
- Stillingstittel
- Servicetekniker
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Om Stillinga
Vi søkjar fast medarbeidar til arbeidsdrifta, avdeling for vedlikehald i Bergen fengsel.
Vedlikehaldsavdelinga er ei gruppe med trivlege, engasjerte, direkte og ærlege fagfolk med god humor.
Du vil få arbeidsoppgåver innan teknisk vedikehald i fengselet. Det vere seg å sjå til at alle tekniske innstallasjonar virkar, som låsesytem, kamera/overvåking, alarmsystemer, TV, telefonar, kvitevarar o.l.
Vi er oppteken av å gjere det lille ekstra for at fengselet skal fungere godt i det daglege. Arbeidsdrifta har eit tett samarbeid med Statsbygg, skule og tryggleiken i Bergen fengsel.
Arbeidsoppgåver
- vedlikedhald og drift av elektroniske og teletekniske installasjonar
- delta i utvikling og iverksetting av nye tekniske løysinger
- tilsyn og reparasjon av inventar i samarbeid med IT-avdelinga
- etablering av nye punkter
- brannteknisk tilsyn
- internkontroll og dokumentasjon
- koordinering av arbeide opp mot annaleie opplærimg, sysselsetting og oppfølging av innsette
- generelt vedlikehald
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- relevant fagbrev og relevant erfaring innan Tele/kommunikasjon/elektriker
- lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- utdanning eller erfaring innan elektronikk eller automatisering
- beherska engelsk munnleg
Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til tryggleikstenking
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- du må vere tolmodig, serviceinnstilt, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- tilbod som til dømes trening, kantineordning og parkering.
Stillinga blir løna som 0275 Verksbetjent fra kr 500 000 – 650 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kompensasjon for ubekvem arbeidstid kjem i tillegg det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Trond Sture - Verksmeister tlf. 55 39 3700 / eller 47375979 trond.sture@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her.
Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll.
Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f74310d-4bff-4093-aff5-7ddacba51389
- Sist endret
16. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300010