Er du klar for ein unik sesongjobb?
Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
Sandvenvegen 58, 5600 Norheimsund
Om jobben
Har du erfaring med matlaging og lyst på ein unik jobb til sjøs? Me søkjer ein kokekyndig person til Hardangerjakta Mathilde for seglingssesongen mars - oktober 2026!
- Stillingstittel
- Kokk
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som:-
Har erfaring med matlaging, gjerne frå storkjøkken, kantine eller tilsvarande.
-
Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
-
Likar å skapa gode opplevingar.
-
Trivst med å jobba på få kvadratmeter, tett på både mannskap og medseglarar.
-
Har gode samarbeidsevner og eit godt humør.
-
Snakkar og forstår norsk godt.
-
Har eit hjarte for historiske seglskuter og tradisjonsformidling.
-
Kjenner deg igjen i våre verdiar; truverdig, raus, engasjert.
-
Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4).
-
Passasjer- og krisehandteringskurs.
-
Gyldig helseattest frå sjømannslege.
-
Gyldig politiattest.
I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.
#sommerjobbivest
Arbeidsoppgaver
Som kokekyndig på Hardangerjakta Mathilde har du hovudansvaret for å laga næringsrik og god kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Du vil planleggja menyar, stå for innkjøp og matlaging, og ha ansvar for å halda god hygiene og handtera matallergiar om bord.
Mange av gjestene våre er born og ungdom, så det er viktig at du er trygg og trivst i lag med dei.
Vi tilbyr
Kvifor Hardangerjakta Mathilde?-
Ei unik skute, med unik historie.
-
Du blir ein del av eit uformelt og engasjert fagmiljø ved Hardanger Fartøyvernsenter.
-
Ingen dagar er like, og du får oppleva Norskekysten frå orkesterplass.
-
Minner for livet -- for gjester og mannskap
-
Me tilbyr kost og losji om bord under tokt, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mathilde er ei 140 år gammal, 73 fot lang Hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter ei omfattande restaurering.
Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokter og andre oppdrag. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig, i tillegg til ein ekstra matros eller leirskulelærar i periodar.
Mathilde eiges og drivast av Hardanger Fartøyvernsenter, ein avdeling i Stiftinga Hardanger og Voss museum.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7efa8cfc-93a3-4e64-bf31-a49d5443032a
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7efa8cfc-93a3-4e64-bf31-a49d5443032a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Langevåg Bygdatun AS
Sted
Bømlo, Bømlo, Vestland
Arbeidsgiver
Stryn Kaffebar & Vertshus As
Sted
Stryn, Stryn, Vestland
Museumsvert
Arbeidsgiver
Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
Sted
Norheimsund