100% stilling som fagarbeidar i Dønfoss naturbarnehage
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Oppstart
- 2. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Vi har ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Dønfoss naturbarnehage, frå 02.01.2026 til 09.08.2026. Stillinga er mellombels, men heile eller deler av stillinga kan bli fast.
Er du ein trygg og engasjert vaksen som brenn for barn sin leik, utvikling og trivsel? Har du lyst til å vere med på å forme framtidas barnehage i ei bygd der naturen er ein del av kvardagen? Vi søkjer deg som vil vere med på utviklinga av vår etablerte naturbarnehage. I Dønfoss står nærleiken til naturen i sentrum -- med vekt på tur, leik og læring ute året rundt.
Om barnehagane
-
Dønfoss naturbarnehage ligg ca. 10 km vest for Bismo, har to avdelingar og 36 plassar.
-
Bismo barnehage (midlertidig lokalisert ved Skjåkheimen) ligg i Bismo sentrum, har tre avdelingar på totalt 54 plassar. Ein ny sentral barnehage med fem avdelingar er under bygging i Bismo, og skal stå klar hausten 2026. Holemork barnehage blir ein del av denne.
-
Holemork barnehage ligg 4 km aust for Bismo sentrum, har to avdelingar, og 36 plassar.
Felles pedagogisk plattform for alle barnehagane er under utvikling. Vi vektlegg godt fagleg miljø, engasjerte kollegaer, og meiningsfullt arbeid med barn i trygge og leikande omgjevnader .
Arbeidsoppgåver
-
Gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
-
Bidra til pedagogisk opplegg i samarbeid med pedagogisk leiar
-
Leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
-
Støtte barn i språkutvikling og sosial kompetanse
-
Ha god dialog og samarbeid med føresette
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
-
har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre er òg velkomne til å søkje
-
har erfaring frå arbeid med barn
-
har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
-
har interesse for fagleg utvikling
-
har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
-
arbeider målretta både sjølvstendig og i team
-
trivst ute i all slags vêr
-
er engasjert i barnehageyrket
-
er interessert i digitale verktøy og har god IKT-forståing
-
er ein trygg vaksen som ser kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig
Skjåk kommune ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar særleg menn til å søkje.
Det er krav om godkjent politiattest i alle stillingar.
Hjå oss får du
-
Tilsetting på kommunale vilkår og løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Kontaktperson
For meir informasjon. Ta kontakt med styrar Heidi Jevnheim på telefon 901 93 957 .
Søknad skal sendast
Alle søknader skal sendast elektronisk via vårt søkjesystem. Lenke til elektronisk søknadsskjema .
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Dette betyr at alle søkjarar vert førte opp på offentleg søkjeliste. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Søknadsfrist: 3. november 2025
Andre stillingar kan bli ledige, både heile og deltid.
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7e70a171-ef67-450a-a63d-f73e06537c0c
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7e70a171-ef67-450a-a63d-f73e06537c0c
Lignende annonser
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Innlandet, Skjåk
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Innlandet, Skjåk
Arbeidsgiver
Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune
Sted
Rogne