Hopp til innhold

Lærar - Orstad læringssenter

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orstad skule

Sted

Skogvegen 26, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Lærar - Orstad læringssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

Lærar

Orstad læringssenter har ledig ein fast stilling frå 01.08.26.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 13 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar.  Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø. 

Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktlærar for 3 elevar
  • delta og samarbeide i fleirfaglige team
  • bruk av digitale hjelpemiddel og ASK i undervisning
  • planleggja og gjennomføra eit tilrettelagt, variert og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • Sikre ein trygg, inkluderande og god skulehvardag for elevane

Kvalifikasjonar

  • du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn / barnehagelærar
  • har efaring frå elevgruppa i skule eller barnehage
  • du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • kompetanse vedr forebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • kjennskap til alternative kommunikasjonsformer - og hjelpemiddel
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål
  • Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
  • Personlege eigenskapar

  • Du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
    Du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn av nedsatt funskjonsevne
    Du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
    Du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
    Du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
    Du har godt humør 

  • Vi tilbyr

    • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
    • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

    Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

     

    Kontaktinformasjon

    Lise Mauland, Avdelingsleder, 46764004, lise.mauland@klepp.kommune.no
    Randi Harveland, rektor, +47 41292877

    Arbeidsstad

    Skogvegen 26
    4353 Klepp Stasjon

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Klepp kommune

    Referansenr.: 5136718351
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 11.06.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Randi Harveland

    rektor

    +47 41292877

    Lise Mauland

    Avdelingsleder

    46764004

    lise.mauland@klepp.kommune.no

    Om bedriften

    Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

    Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

    Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

    Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7dae036a-6d2f-40f6-99df-1613f46186e1

    Sist endret

    27. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b455ed0bf2bf4f8281b3690b5285db95

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser