Hopp til innhold

Rådgjevar helse og omsorg

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar helse og omsorg
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

Om stillinga

Me søker ein helsefagleg rådgjevar som kan bidra i utviklingsarbeid og støtte drift innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Stillinga er eit vikariat i eitt år frå oppstartsdato, med ønske om snarleg oppstart. Stillinga er plassert i stab i helse og omsorg, med kommunalsjef helse og omsorg som næraste leiar. Rådgjevaren inngår òg i leiargruppa til kommunalsjefen.

Tenesteområdet omfattar eit breitt spekter av kommunale tenester: institusjon, heimebaserte tenester, bustader, legekontor, helsestasjon, psykisk helse, ergoterapi, fysioterapi, jordmorteneste og NAV.

I 2026 startar kommunen eit større omstillingsprosjekt innan helsefeltet, og me treng å styrke staben i samband med dette. Rådgjevaren vil få ei viktig rolle i å koordinere omstillingsprosjektet, bidra i utviklingsarbeid og støtte nødvendig drift.

Vidare vil rådgjevaren bidra til strategisk utvikling, kvalitetsarbeid og heilskapleg styring av helse- og omsorgstenestene. Stillinga skal støtte kommunalsjef og einingsleiarar i planarbeid, systemarbeid og gjennomføring av utviklingstiltak.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar vil du ha ein sentral rolle i arbeidet med å utvikle helse- og omsorgstenestene.

  • Sakshandsaming innan tenesteområda
  • Strategisk og fagleg rådgiving knytt til kapasitet- og behovsvurderingar
  • Koordinering av forbetrings- og utviklingsarbeid i sektoren, spesielt innan velferdsteknologi
  • Samhandling og kommunikasjon/informasjonsarbeid mellom tenestene
  • Oppdatering av planverk, kvalitetsarbeid og kompetanseutvikling
  • Leiarstøtte med særskilt fokus på kvalitets- og forbetringsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Det er et krav om minimum treårig relevant universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå innan helse
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
  • Gode datakunnskapar

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå kommunal/offentleg forvaltning innan helse og omsorgstenester 
  • Erfaring med forbetrings- og utviklingsarbeid, gjerne og prosjektarbeid 
  • Erfaring med bruk av CosDoc, Elements og velferdsteknologi

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og med god gjennomføringsevne 
  • Løysingsorientert, med evne til å tenkje langsiktig og strategisk
  • Fleksibel og samarbeidsorientert
  • Motivert for forbetrings- og utviklingsarbeid
  • Engasjert i å bidra til endring og utvikling av gode tenester

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Kvifor skal du jobba hos oss?

  • Ei spanande rådgjevarstilling med dyktige kollegaer og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester.
     
  • Du blir tilsett som rådgjevar med lønn etter avtale i kapittel 5.
     
  • Medlemskap i KLP, som gir ei av dei beste offentlege pensjonsordningane i landet, samt moglegheit for bustadlån på gode vilkår.
     
  • I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. 


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Kristine Trane

Kommunalsjef helse og omsorg

+4790041561

kristine.trane@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7daba8ab-0659-483d-9d6e-b6d405eb46c2

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284808

Lignende annonser