Hopp til innhold

Saksbehandlar

Arbeidsgiver

Haugaland og Sunnhordland tingrett

Sted

Vidsteensvegen 11, 5417 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Saksbehandlar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. februar

Om stillinga

Vi har ledig ei 100 % vikar stilling som saksbehandlar frå 13.04 - 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.

Vil du jobbe som saksbehandlar i ein domstol? Du vil ha sjølvstendige oppgåver, samtidig som du vil jobbe tett med fagleg sterke kollegaer som er sterkt engasjert i domstolane.

Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunn.

Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, tilretteleggje og etterbehandle saker i nært samarbeid med dommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig; du bidreg til at sakene blir gjennomført på ein effektiv og profesjonell måte, til beste for brukarane av domstolane.

Her er ingen dagar like, og innsatsen din er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettssakene.


Arbeidsoppgåver

Saksbehandlarane har ein hektisk og krevjande kvardag med varierte oppgåver.

· Arbeid knytt til førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettssaker – i samarbeid med dommar

· Kommunikasjon med eksterne aktørar og andre brukarar – herunder bidra til aktiv saksstyring og saksavvikling

Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter verksemda sine behov.


Kven er du?

Vi søkjer deg som:

· har utdanning på bachelornivå, helst med fag innan administrasjon og samfunnsfag, jus eller IT, eller har fagbrev i kontor- og administrasjonsfag

· har relevant arbeidserfaring frå saksbehandlararbeid

· har interesse for ny teknologi og ser moglegheiter i digitale arbeidsprosessar

· har gode digitale ferdigheiter

· kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk


Personlege eigenskapar

· Du arbeider sjølvstendig og strukturert

· Du yt service og opptrer på ein objektiv og tillitsskapande måte overfor partane i sakene.

· Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

· Du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.

· Du er kvalitetsbevisst, nøyaktig og løysingsorientert.

· Du taklar ein travel kvardag med mange ulike oppgåver og mange ballar i lufta.


Vi tilbyr

I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:

· høve til å utvikle både domstolane og deg sjølv

· eit godt tverrfagleg miljø

· lokal og nasjonal kompetanseutvikling

· varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

· fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida

· gunstige vilkår i Statens pensjonskasse

 

Stillinga blir lønna som førstekonsulent (stillingskode 1406) etter Hovudtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.


Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.


Kontaktperson for stillingen

Geir Ståle Nordstrøm

administrasjonsjef

+4799447490

geir.stale.nordstrom@domstol.no

Om bedriften

 Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

Haugaland og Sunnhordland tingrett er lokalisert i Haugesund med rettsstader i Haugesund og på Stord, Domstolen blir leia av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, 8 dommarar, 3 dommarfullmektigar, og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes 

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d104a01-8b12-4cd2-adc6-2e7142391d55

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278333

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Os