Hopp til innhold

Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp

Arbeidsgiver

Tilsynssamarbeid, Gloppen kommune

Sted

Grandane 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. juli

Vil du være med å bidra til å betre avløpsituasjonen og nærmiljøet i vår region?  

Tilsynssamarbeidet i Nordfjord leverer tenester til dei 5 kommunane Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen. Tilsynet jobbar systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Gloppen er vertskommune, og vi har kontorplass på Sandane. Vi samarbeidar tett ilag med fagmiljøa i alle kommunane.

Vi søkjer ein fagleg sterk og engasjert medarbeidar som vil vere med å utvikle og følgje opp arbeidet med spreidde avløpsanlegg. Stillinga omfattar sakshandsaming, rådgjeving og oppfølging av tiltak som skal bidra til betre vassmiljø og berekraftig forvaltning av avløpsløysingar utanfor offentleg avløpsnett.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar.
  • Sakshandsaming av eigne saker, bidra fagleg til sakshandsaminga elles på avdelinga.
  • Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.
  • Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremme beste praksis og miljøomsyn.
  • Rapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava.
  • Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning som VA-ingeniør eller fagbrev som røyrleggar.
  • Praktisk og teoretisk erfaring med prosjektering og vedlikehald av VA-anlegg.
  • Kjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardar.
  • God samarbeidsevne og evne til å løyse tekniske utfordringar.
  • Førarkort personbil.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne for å bidra til å skape tryggleik og forståing blant innbyggarane. 
  • Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og som ein del av eit team.
  • Evne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måte.
  • Tar initiativ og liker å lære.

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil få moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.

Kontaktinformasjon

Andreas Standal Eikrem, Tenesteleiar tilsynssamarbeid, 909 47 557

Arbeidsstad

Grandane 9
6823 SANDANE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5141170643
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Andreas Standal Eikrem

Tenesteleiar tilsynssamarbeid

909 47 557

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7ccfd94d-3dbe-46fb-b8a2-561f8b926065

Sist endret

9. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

03bea4ee0a0f4dd3ae04d661f76ee79a

Lignende annonser

Laster lignende annonser