Saman skapar vi framtidas heimeteneste - vil du vere med?
Heimetenesta, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. juli
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt!
Vi har no ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper.Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no!
Arbeidsoppgåver
- Sikre høg kvalitet på sjukepleie og bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane våre
- Stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og rettleiing av ulike sjukepleieoppgåver.
- Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Vere ein viktig del i vårt tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar
- Vere ein trygg fagleg ressurs for kollegaer og bidra til kontinuerleg kompetanseheving.
- Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer.
- Legge til rette for at medisinsk behandling kan gjennomførast i heimen
- Bidra til utvikling i heimetenesta vår
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for personbil
- Det er ønskeleg med erfaring frå heimetenesta, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis.
- Du må vere fagleg engasjert
- Vere ein god rollemodell for andre
- Støtte for kollegarer, studentar og lærlingar
- Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag og har evne til å motivere medarbeiarar og ivareta eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Kjekke kollegaer og godt miljø
- Primærteam
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver i ei teneste som arbeider med endring knytt til TØRN
- Fellesskap. Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der vi bryr oss om kvarandre og feirar små og store sigrar saman.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- God sjukepleiedekning
- Vi er i gang med å sjå på nye og ulike turnusar i tenesta
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442
Arbeidsstad
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5152327023
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kari Ann Krogh
Avdelingsleiar Sandane heimeteneste
970 26 442
Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
+47 472 60 601
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e539336-2842-4835-bf4f-bcd8a4c5833a
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de6b3fca362c4bedba84cfd24ff5559f