Hopp til innhold

Avdelingsleiar i heimetenesta i Sogndal

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Sted

Plassen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Vil du vere med å drive og vidareutvikle heimetenesta i Sogndal kommune? Me har ledig to 100% faste stillingar som avdelingsleiar. Du får moglegheita til å vere med på å forme organisasjon, kultur og tenestetilbod.

Heimetenesta er ei teneste i utvikling med stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa. I Sogndal arbeider me med alt frå vurderingsteam og kvardagsrehabilitering med fokus på rehabilitering og tidleg innsats, til oppfølging av pasientar med omfattande pleiebehov og palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Det er fokus på å bygge tverrfagleg samarbeid i tenesta, og me jobbar kontinuerleg for brukarmedverknad og fokus på meistring og tryggleik hjå brukarane våre. Me satsar på auka bruk av velferdsteknologi og digitale løysingar.

Me har eit viktig samfunnsoppdrag; å legge til rette for at flest mogleg kan bu trygt i eigen heim, og motta naudsynt helsehjelp.  

Om stillinga

Heimetenesta består av 2 soner i «gamle Sogndal» som kvar har rundt 35 årsverk. Kvar avdelingsleiar vil ha ansvar for ei sone med halve arbeidsgruppa. Du vil samarbeide tett med den andre avdelingsleiaren, tenesteleiar, fagsjukepleiar og med driftskoordinator i kvar sone. Driftskoordinatorane er ei nyleg oppretta rolle som arbeider dagtid og 4.kvar helg, og tek seg av dagleg planlegging av arbeidsruter og pasientkoordinering.  

Heimetenesta har kontor i moderne bygg i tilknyting til helse- og omsorgssenteret i Sogndal. Her er også dagsenter, omsorgsbustadar, korttids- og langtidsavdeling, legekontor, fysio-/ergoterapitenesta og helsestasjon lokalisert. Dette gjev moglegheit for tett og nært samarbeid med andre tenester i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta det faglege, administrative og økonomiske ansvaret i avdelinga, i tråd med gjeldande lovar, forskrifter og planar
  • Personalansvar
  • HMS og internkontroll
  • Ansvar for å utvikle, forbetre og nytte ressursane på ein effektiv og rett måte
  • Vere ein pådrivar til utvikling av organisasjonen og tenesta i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde
  • Samarbeide med spesialisthelsetenesta og andre tenester / einingar

Kvalifikasjonar:

Du bør ha:
  • fullført bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna relevant helsefagleg bachelorgrad
  • leiarutdanning eller ønskje om å ta leiarutdanning. Arbeidsstaden kan vere behjelpeleg med tilrettelegging for utdanningsløp.
  • leiarerfaring frå helse- og omsorgsteneste, med personal-, budsjett- og fagansvar
  • kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • god norsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • gode IKT kunnskapar og evne til å lære aktuelle fagsystem og teknologi
Det er en fordel om du har:
  • erfaring med omstillingsprosessar og endringsleiing
  • erfaring med heimebaserte tenester

 

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, tillitsvekkande og samlande, med evne til å bygge gode relasjonar og skape gode samarbeidsforhold.
  • Ser verdien av å legge til rette for at medarbeidarane dine skal få utvikle seg utifrå individuelle eigenskapar.
  • Sjølvstendig, lyttande og tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar.
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Er resultat-, utviklings- og endringsorientert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ei teneste i stadig utvikling, og ein kommune i utvikling med stort fokus på samarbeid på tvers av tenester.
  • Kontinuerleg fokus på å bygge eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø med god fagkompetanse.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidstid på dagtid.
  • Gode velferdsordningar.
  • Løn etter avtale.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Johanne Gjesdal Mo

Tenesteleiar

+47 90401165

johanne.gjesdal.mo@sogndal.kommune

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7ca881e2-04e9-4179-97ae-b16c2a120d4c

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3661295_198627_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser