Fast stilling 100 % som miljøterapeut/miljøarbeidar
Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut/miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Me søkjer no etter miljøterapeut/miljøarbeider i 100 % fast stilling i bu- og miljøtenesta. Bu- og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar. Stillinga inngår i turnus med hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Me ser etter deg som:- har bachelor i vernepleie. Andre med relevant helse- og sosialfagleg bakgrunn er og velkomen til å søkja.
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel
- er ansvarsbevisst og lojal
- kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:
Me tilbyr:
- Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS kapittel 4, basert på utdanning, kompetanse og erfaring.
- Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
- Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
154cfbc5-8fee-4365-984b-f915876ef1ad
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3655015_228181_nn