Hopp til innhold

Kokk / Verksbetjent

Arbeidsgiver

Bergen fengsel

Sted

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Om jobben

Stillingstittel
KOKK VERKSBETJENT
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Stillinga

Er du ein meister i grytane og i møte med mennesker? Då treng vi deg til vårt oppleringskjøken, kor mat skapar endring.

I Bergen fengsel er det mange arbeidsoppgåvar og aktivitetar som skal gjerast saman med dei innsette. For at vi skal ha eit velfungerande lite samfunn, treng vi ein motivert og engasjert kokk som kan bidra til å oppretthalde produksjonen, kvaliteten og driften på fengselskjøkenet.

Vi søkjer ein fagperson med stolthet for kokkefaget, som ønskjer å dele sin kunnskap og erfaring med andre. Du må like å drive med opplæring og rettleiing – og vere god på å byggje relasjonar. Vi ser etter deg som har både tryggleik, formidlingsevne og evne til å sjå potensialet i mennesker.

Nøkkelord i denne stillinga:
  • Opplæring
  • Rettleiing
  • Mattrygglleik
  • Produksjon

Ved tilsetting tiltrer ein i stilling som verksbetjent – ei rolle som kombinerar praktisk arbeid med ansvar for opplæring og oppfølgjing av innsette. Ein verksbetjent skal kunne ta sjølvstendige avgjerder, og vere ein tydeleg og trygg leiar i sitt fagfelt. Du må ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing, og i tillegg vere ein god samtalepartnar og rettleiar.

Er du ein engasjert, positiv og raus person med knusande ro, som brenn for kokkefaget – og som ønskjer å gjere ein forskjel i andres liv? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga saman med innsette og tilsette
  • delta aktivt i matproduksjon saman med dei innsette
  • kvalitet- og mattryggleik (IK-mat)
  • opplering/oppfølging av innsette, lærlingar, samt tverrfagleg samarbeid med Åsane Vgs på det som krevjast innan RM-fag.
  • innkjøpDen som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha
  • relevant fagbrev som kokk og relevant erfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk- B2)
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktyg
Det er ønskjeleg at du har
  • erfaring med opplæring av lærlinger
  • beherska engelsk munnleg

Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.

Personlege eigenskapar

  • lagspelar som sett samarbeid høgt
  • positiv og engasjert
  • tydeleg og god på kommunikasjon
  • empatisk og omsorgsfull
  • ansvarleg og påliteleg
  • tålmodig og stødig

Personlege eingenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • treningsrom, bedriftsidrettslag, gratis parkering og kantine
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Stillinga blir løna som 0275 Verksbetjent fra kr 500 000 - 650 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. 
    Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. 
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her: herhttps://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeistar Tom Dall-Larsen  tlf. 55393707/ mobil: 47450584

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20

Kontaktperson for stillingen

Tom Dall-Larssen

Verksmeistar

+47 47450584

tom.dall-larsen@kriminalomsorg.no

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. 

Les meir om verksemdsstrategien vår her. 

http://www.kriminalomsorgen.no/virksomhetsstrategi.549866.no.html

 

Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. 

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen. 

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7c739e6d-959f-4734-b2f1-15a164b791a3

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305257

Lignende annonser

Laster lignende annonser