Hopp til innhold

Fengselsbetjent - Programinstruktør for seksuallovbruddsdømde

Arbeidsgiver

Bergen fengsel

Sted

Bergen fengsel, Steinestøvegen 401 5109 Hylkje, 5109 Hylkje

Om jobben

Stillingstittel
Programinstruktør seksuallovbruddsdømde (kopi)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Om stillinga

Personar dømd for seksuallovbrot utgjer ein vaksande andel av dei innsette i norske fengsel. Eit viktig satsingsområde for kriminalomsorga er å redusere risikoen for nye lovbrot. Sentralt i denne jobben er arbeid gjennom program.

Vi søkjer fengselsbetjent til program for personar dømd for seksuallovbrot. 

Den vi søkjer bør ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein rollemodell og rettleiar for dei innsette. Ein må og ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • samtalar med personer dømd for seksuallovbrot, og som kan være aktuelle for deltaking i program
  • rekruttering til program før soning 
  • drive program individuelt og i gruppe etter godkjende metodar saman med  psykolog
  • informasjon om- og motivasjon for behandling
  • regionalt ansvar for screening, rett registrering og sletting av informasjon om BASIS, i tråd med gjeldande rutinar
  • samarbeid med fengselshelsetjenesta og BASIS-behandlarar i fengselet
  • koordinering med dei andre einingane i regionen og rettleing av BASIS-kontaktpersoner
  • delta i nasjonale, regionale og lokale koordineringsmøter
  • delta i samlingar for BASIS-screenere og i relevant kompetanseheving og kursing i regi av KDI eller helsetenesta

Du vil samarbeide med psykologar frå Helse- Bergen som er tilknytta programmet, og ein rådgjevar tilsvarande stilling

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS.
  • meistre sjølvstendig sakshandsaming, rådgjevning og utvikling innanfor eige fagområde
  • syne initiativ, planleggje, organisere og dele kunnskap
  • god skriftleg og munnleg fremstillingsevne
  • personlege eigenskaper i tråd med etatens verdier 
  • evne til å skilje mellom person og sak
Det er ønskjeleg at du har
  • kjennskap til arbeid med seksuallovbrot eller anna systematisk endringsarbeid vil bli vektlagd
  •  Bachelor i straffegjennomføring

 


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å arbeide i team med andre profesjonar
  • interesse for psykologisk endringsarbeid
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evne til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • meistre belastningar som kan oppstå under gjennomføring av program
  • evne til å gje og ta imot rettleiing

    Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på


Vi tilbyr

meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver
  • tett samarbeid med andre fagpersonar
  • rettleiing, kurs og komptanseheving
    Opplæring i gjeldande metode vil bli gitt dersom søkjar ikkje har dette. 
  • dagstilling med fleksitidsavtale
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod

Stillinga blir lønt som 0264 fengselsbetjent årslønn 500 000 - 630 000, -  avhengig av kompetanse og ansiennitet.
Ved særleg høg kompetanse kan høgare løn vurderast

Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666 / mobil 99642258 

sprøsmål ang. søknad og CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Kontaktperson for stillingen

Målfrid Kallekleiv

Inspektør

+4799642258

malfrid.kallekleiv@kriminalomsorg.no

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her.

Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Kvinner og menn kan sone her. Fengslet har fokus på individuell oppfølging av innsette og tverrfagleg samspel.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

325db289-b085-4304-83de-9f90b6af3f94

Sist endret

22. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10304146

Lignende annonser

Laster lignende annonser