Biblioteksjef, 40% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Biblioteksjef, 40% fast stilling frå mars 26/etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 40%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
Om stillinga
Gulen kommune søkjer ein engasjert og initiativrik biblioteksjef som ynskjer å vidareutvikle bibliotektenesta i kommunen. Me har ledig 40% fast stilling frå mars 2026/etter avtale. Biblioteksjefen skal, saman med bibliotekmedarbeidarane i Gulen kommune, stille bøker og andre medier til rådigheit for innbyggjarane. Biblioteket skal bidra til kunnskap, utdanning og andre kulturelle aktivitetar, samt vere ein offentleg arena og møteplass.
Bibliotektenesta i Gulen kommune er i utvikling, kor me jobbar med ny lokasjon for hovudbiblioteket og nytt utlånssystem som kjem i februar. Som biblioteksjef vil du vere med i dette utviklingsarbeidet og legge til rette for ein god prosess. Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste. Hovudbiblioteket ligg i kommunesenteret Eivindvik, og det er filialar i skulekrinsane Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Det er eigne bibliotekmedarbeidarar ved filialane. Biblioteksjefen har kontor i Eivindvik, og er organisert under sektor oppvekst og kultur og eining kultur og mangfald. Som biblioteksjef vil ein ha tett samarbeid med einingane i sektoren, noko som skapar godt tverrfagleg samarbeid.
Ettersom dette er ei 40% stilling vil kommunen prøve å legge til rette for at stillinga kan verte kombinert med andre stillingar i kommunen, dersom dette er ynskjeleg og mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for og deltaking i dagleg drift og utvikling av bibliotektenestene i kommunen
- Legge til rette for og gjennomføre arrangement
- Administrere oppgåver
- Sikre at bibliotekverksemda følgjer gjeldande lover, reglar og nasjonale føringar for bibliotek
- Rettleiing og oppfølging av biblioteksmedarbeidarane, deriblant bruk av VismaTid
- Andre oppgåver som måtte kome til
Noko kveld- og helgearbeid må påreknas
Me tilbyr
- Ein kjekk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
- Gode forsikring- og pensjonsordningar
Kvalifikasjonar
- Godkjent bibliotekarutdanning frå høgskule eller universitet jamfør "Forskrift om kvalifikasjonskrav for ansatte i folkebibliotek". Andre kan også verte vurdert dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar, men då må Nasjonalbiblioteket ved tilsetjing gi dispensasjon.
- Erfaring frå arbeid i bibliotek er ein fordel
- God IKT- og systemkompetanse
- Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Brenn for biblioteket sin plass i samfunnet
- Må vere engasjert, serviceinnstilt, strukturert og fleksibel
- Må ha gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c68b012-63d8-4c61-be10-2972d415c2f2
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276163
Lignende annonser
Eining helse. Tilsetjing fastlege, 100% fast st. frå etter avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Eigedomsforvaltning. Tilsetjing driftsleiar reinhald, 100% fast st.
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Sone BBD - Ringevikarar
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra