Driftsleiar reinhald, 100% fast
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eigedomsforvaltning. Tilsetjing driftsleiar reinhald, 100% fast st.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som driftsleiar reinhald, med oppstart snarast/etter avtale.Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me er 24 tilsette som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta. Stillinga har i utgangspunktet oppmøtestad ved kommunehuset i Eivindvik, men anna kontoroppmøtestad ved andre kommunale bygg kan vurderast. Arbeidsstad for stillinga er i heile Gulen kommune ved våre kommunal bygglokasjonar.
Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god reinhaldskvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar og arbeidsleiing for reinhaldarane i kommunen
- Effektiv forvaltning og utvikling av reinhaldstenestene og reinhaldsteamet
- Ansvar for opplæring og rettleiing av reinhaldspersonell og andre innan ansvarsområdet
- Følge opp og oppdatere reinhaldsplanar
- Følge opp reinhaldstenester frå eksterne leverandørar, inkludert bruk av vikarar ved behov
- Tett samarbeid, oppfølging og koordinering med interne brukarar
- Bistå i innkjøp og prosjekt ved behov
- Administrasjon og fakturahandsaming
- Gjennomføre internkontroll og sikre etterleving av HMS-krav
- Følge opp og handsame behov og avvik i FDVU-systemet
- Operativt reinhaldsarbeid ved behov med inntil 50% av stillinga
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør eller tilsvarande
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Ynskjeleg med erfaring frå det å ha fagansvar
- Kjennskap til INSTA 800
- Har grunnleggande datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Krav om førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
- Du må være teamorientert og kunne samarbeide tverrfagleg
- Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Er initiativrik og likar å halda deg fagleg oppdatert
- Trivst med fysisk arbeid i kombinasjon med administrative oppgåver
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
Kontaktperson for stillingen
Kristoffer Elvebakke
Einingsleiar eigedomsforvaltning
+4794156701
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b2e0a31-3c32-4323-bbfa-f84e7a4bc6c4
- Sist endret
9. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272918
Lignende annonser
Miljøtenesta. Miljøarbeidar, i inntil 35% fast frå etter avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra
Eining helse. Tilsetjing fastlege, 100% fast st. frå etter avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Sentraladministrasjonen. Tilsetjing, 100% fast st. rådgjevar internkontroll og digitalisering
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik