Hopp til innhold

Ringevikar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Sone BBD - Ringevikarar
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Ringevikar

Ynskjer du å vere ringevikar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD)?

Sone BBD har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i eininga. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein  søknad ved å gå inn på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktperson i annonsen.

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane, i avdeling og på tvers av avdelingane innan eininga.


Arbeidsoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Samhandle/kommunisere med pårørande 
  • Samhandle tverrfagleg med; lege, fysioterapeut, ergoterapeut og liknande
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Me ynskjer også søkjarar utan fagbrev eller høgare utdanning 
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk
  • Har gjerne erfaring frå og kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og er løysingsorientert
  • Har ei positiv haldning og bidrar til å skape trivsel på arbeidsplassen
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt 

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Kontaktperson for stillingen

Aina Furebotn

Einingsleiar sone BBD

+4757781654

aina.furebotn@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4086c9f8-59ba-4a2a-8c28-8fa3380169fa

Sist endret

29. september 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10264514

Lignende annonser