Hopp til innhold

Vil du bidra til at fleire får rett kompetanse for å kome i arbeid?

Arbeidsgiver

Seniorrådgivar  Nav Bergen sentrum - avd. Tjenesteinnovasjon

Sted

Møllendalsveien 8, 5020 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Opplæringskoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Avdeling for tenesteinnovasjon i NAV region Bergen har no ledig ei stilling som opplæringskoordinator.

Som opplæringskoordinator får du ei sentral rolle i å styrkje bruken av opplæringstiltak, støtte rettleiarar i enkeltsaker og utvikle opplæringsmodellar som treffer behova i arbeidsmarknaden. Du blir eit viktig bindeledd mellom NAV-kontora og fylkeskommunen – og bidreg til å sikre gode, relevante kvalifiseringsløp for brukarane våre.
Rolla inngår i eit team på fire opplæringskoordinatorar som blir koordinert frå NAV Vestland, og som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.

I avdeling for tenesteinnovasjon blir du del av eit lag på 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar innan marknadsarbeid, tiltak og kvalifisering. Saman jobbar vi kvar dag for å gje brukarar nye moglegheiter i arbeidslivet, eller kvalifisering som styrkjer sjansane deira på jobbmarknaden.
Vi er ein framoverlent gjeng som stadig er på jakt etter gode løysingar og betre tenester for brukarane våre. Her får du både jobbe sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag.


Kva går jobben ut på? 

  • Leggje til rette for meir bruk av opplæring som arbeidsmarknadstiltak i regionen
  • Ha oversikt over kvalifiseringstilbod og moglegheiter innan fag- og yrkesopplæring
  • Vere ein ressurs for NAV-rettleiarar og kunne gi støtte i saker som handlar om opplæring og utdanning
  • Samarbeide tett med NAV-kontor og bidra til kompetanseutvikling, både digitalt og gjennom kurs og samlingar
  • Bidra til å utvikle gode opplæringstiltak som møter behova til NAV sine målgrupper og arbeidsmarknaden
  • Følgje opp samarbeidsavtalar og opplæringsmodellar
  • Styrkje samarbeidet mellom NAV, bransjar og fylkeskommunen om vidaregåande opplæring

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Utdanning på bachelornivå, gjerne innan samfunns-, sosial- eller pedagogiske fag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet. 
  • Kunnskap om fag- og yrkesopplæring og den lokale arbeidsmarknaden
  • Erfaring med samhandling og nettverksbygging
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod
Det er ein fordel om du har
  • Kjennskap til utdanningssystemet og fylkeskommunen sitt opplæringstilbod
  • Erfaring med utvikling av kvalifiseringsløp (til dømes fagbrev)
  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid, samt tverrfagleg samarbeid
  • Erfaring med informasjons- og rettleiingsmøte for grupper
  • Kompetanse innan rekruttering og karriererettleiing

Kva ser vi etter hos deg?

  • Strukturert og målretta, med evne til å ha oversikt og prioritere
  • Dyktig til å bygge relasjonar og samarbeide på tvers av aktørar
  • Trygg i formidling og kommunikasjon, både digitalt og fysisk
  • Initiativrik og løysingsorientert, med vilje til å utfordre etablerte rammer
  • Engasjert og positiv, med evne til å skape gode prosessar

Stillingen inneber å legge til rette for opplæringstiltak, samarbeide tett med NAV-kontor og eksterne aktørar, og bidra til kompetanseutvikling. Du vil ofte stå framfor folk, leie prosessar og utvikle løysingar som treffer arbeidsmarknaden sine behov.

Kvifor velje oss

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 675 000 til kr. 730 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. 
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Maj-Nan Tørrisplass, Fungerande avdelingsleiar Tjenesteinnovasjon, 98264835, maj-nan.torrisplass@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5063977434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.01.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7c3f4e26-ebdc-44e9-90fd-a696f11e8093

Sist endret

28. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

566343367fc94ac6bc9330ef5ee37007

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Enhet for vurdering og oppfølging psykisk helse barn og unge, Bergen kommune

Sted

Bergen