Hopp til innhold

Vil du bli vår nye matros ?

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

7130 Brekstad

Om jobben

Stillingstittel
Matros i sambandet Brekstad - Valset, pt. MF Vestrått
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

Vi søker etter matros på sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Vestrått

Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. 

Fergestrekninga Brekstad-Valset går over Trondheimsfjorden og er eit sentralt bindeledd mellom Ørland og fastlandet, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.

I denne stillinga jobbar du 2 veke på (med fri lørdag og søndag) og 2 veke fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Det er moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! 


Arbeidsoppgåver

  • Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
  • Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
  • Oppgåver iht. alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Kundebehandling
  • Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Oppfylle Kvalifikasjonskrava for matros etter  § 77 og § 78
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 2 veker på (fri lør og søn) og 2 veker av.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!

Kontaktinformasjon

Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad


7130 Ørland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5120670441
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Jill Mari Juberg

Rekrutteringsmedarbeider

+47 +4794082518

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7c0e8ee3-8417-4191-9e00-08c66652100f

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dc29eef667534c8c89af088e4797f6f0

Lignende annonser

Laster lignende annonser