Hopp til innhold

Byggesak og landbruk og Klage og tilsyn

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Byggesak og landbruk

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
2 x Rådgjevar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Om stillinga:

Stillingane er kombinerte fagstillingar med arbeidsoppgåver innan både byggesaksbehandling, tilsyn og ulovlegheitsoppfølging. Fordelinga av arbeidsoppgåver vil variere ut frå behovet i avdelingane og den samla kompetansen i fagmiljøet.

Om eininga:

Arealforvaltning er ein del av kommunalområdet Samfunnsutvikling som har eit overordna ansvar for heilskapleg og berekraftig utvikling av kommunen. Gjennom samarbeid på tvers av fagmiljø arbeidar vi for god arealbruk, føreseielege prosessar og god tenesteyting til innbyggjarar og næringsliv.

I eininga inngår avdelingane Byggesak og landbruk, Oppmåling og Klage og tilsyn. Avdelingane arbeider tett saman for å sikre gode løysingar og heilskapleg saksbehandling.

Byggesak og landbruk har ansvar for byggesaksbehandling, matrikkelføring, landbruksforvaltning, forureining og andre oppgåver innan fagområdet.

Klage og tilsyn har ansvar for klagehandsaming, tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak etter plan- og bygningslova.

Oppmåling har ansvar for oppmåling av grenser etter matrikkellova, matrikkelføring, seksjonering, adressering og namnesaker mm.

Kven er du?

Du har relevant høgare utdanning og erfaring med arbeidsoppgåvene innanfor eininga sitt ansvarsområde. Stillinga har eit breitt og variert spekter av arbeidsoppgåver og vi ser etter deg som trivst med å arbeide på tvers av fagområde og som raskt set deg inn i nye problemstillingar. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, leverer arbeid av høg kvalitet og har samstundes god vurderingsevne for kva som er tilstrekkeleg i den enkelte saka.

Du tek initiativ og driv saker framover, er serviceinnstilt og har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Det er viktig at du trivs med utstrekt samarbeid, bidreg som ein god lagspelar for kollegaer og er løysingsorientert og fleksibel i møte med varierte oppgåver og endra behov i eininga.

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.  

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling av byggesaker etter plan- og bygningslova
  • Gjennomføring og oppfølging av tilsyn
  • Oppfølging av ulovlege tiltak og ulovlegheitsaker
  • Rettleiing av innbyggjarar, tiltakshavarar og profesjonelle aktørar
  • Dialog med andre offentlege styresmakter
  • Utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling
  • Andre oppgåver innan fagområdet etter behov

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov innanfor eininga Arealforvaltning sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Relevant høgare utdanning som høgskule eller universitetsutdanning, t.d. jurist, ingeniør, geograf  eller anna relevant utdanning.
  • Personleg eigenskapar som sjølvstende, initiativ og gode samarbeidsevner 
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Ønskjeleg med:   

  • Har erfaring med arbeidsoppgåvene
  • Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar   
  • Tek initiativ og kan drive saker framover  
  • Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med innbyggarar og søkarar  
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne  
  • Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer  
  • Er løysingsorientert og fleksibel 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avdelingsleiar Byggesak og landbruk, Mathias Høium Grøgaard – 90 58 10 27

Avdelingsleiar Klage og tilsyn, Christer Garmann -  56 16 01 51

Einingsleiar Arealforvaltning, Are Frøysland Grande  - 91 35 45 91

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mahias Høium Grøgaard

Avdelingsleiar

+47 97162775

mathias.hoium.grogaard@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Avdeling dele- og byggesak utgjer 11 tilsette og er organisert som del av eining byggesak, tilsyn og miljø. Avdelinga handsamar alle byggesøknader i kommunen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7bf66d5a-548e-4132-88fb-853511eb93c5

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3656827_192821_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser