Hopp til innhold

100% fast stilling som arealplanleggar

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Planeininga

Sted

Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Bjørnafjorden kommune er ein vekstkommune med om lag 27 000 innbyggarar. Dei komande åra skal vi utvikle nye næringsareal, vidareutvikle Osøyro og Eikelandsosen som attraktive senterområde og ta viktige grep gjennom ny kommuneplan og kommunedelplan for naturmangfald. Som arealplanleggar vil du få ei sentral rolle i utviklinga av Bjørnafjorden kommune. Du vil arbeide med både private og offentlege plansaker. 

I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente og effektive for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt. 

Arbeidsstad
Arbeidsstad er primært på rådhuset.

Arbeidsoppgåver
  • Saksbehandle private planinitiativ og reguleringsplanar
  • Rettleie forslagsstillarar og konsulentar gjennom planprosessar
  • Planlegge og gjennomføre medverknadsprosessar
  • Utarbeide saksframlegg og grunnlag for politisk behandling
  • Følgje opp politiske vedtak og sikre framdrift i planprosessar
  • Utarbeide, revidere og planvaske reguleringsplanar
  • Delta i arbeid med overordna planlegging og utviklingsprosjekt
  • Bidra til berekraftig stad- og samfunnsutvikling i kommunen 
Kvalifikasjonar
  • Master i relevante fag for arealplanlegging, som til dømes natur og miljøfag, by- og regionplanlegging, areal og eigedom, rettsvitskap, samfunnsgeografi eller tilsvarande.
  • Bachelorgrad saman med relevant erfaring frå reguleringsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arealplanlegging, reguleringsarbeid eller offentleg forvaltning.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova er ein fordel.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og det er ønskeleg at du har gode:
  • Samarbeidsevner og er serviceorientert
  • Analytiske evner og evne til å jobbe prosessorientert
  • Skriftleg og munnleg framstillingsevne, nynorsk er skriftspråk i Bjørnafjorden kommune
  • Evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med andre
  • Interesse for byutvikling / stadutvikling

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr
  • Ein sentral rolle i utviklinga av ein kommune i vekst
  • Varierte og utfordrande planfaglege arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande avtale

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kaisa Tonheim Banne

+47 97167779

kaiban@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

51ed0853-0dfd-40eb-bd81-df5d0bfc352a

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3663429_195921_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser