Hopp til innhold

100% fast stilling som oppmålingsingeniør

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Kart og oppmåling

Sted

Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 22. oktober

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!   

I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente og effektive for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt. 

På kart- og oppmålingsavdelinga er det ledig fast stilling som oppmålingsingeniør frå januar 2027. 

 Arbeidsstad 

Arbeidsstad er på rådhuset Osøyro 

 

Arbeidsoppgåver 
  • Oppmålingsforretningar etter matrikkellova og anna oppmålingsarbeid 

  • Rettleiing av kundar 

 

Kvalifikasjonar 
  • Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag  

  • Erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og relevant geodatafagleg programvare 

  • Erfaring frå kommunal oppmåling er ei føremon, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke. 

  • Autorisert landmålar eller utdanning som kvalifiserer til å søkje om autorisasjon.  

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. 

 

Personlege eigenskapar 
  • Du arbeidar sjølvstendig, men har også gode samarbeidsevner 

  • Du er strukturert, nøyaktig og har evne til å arbeida effektivt i ein travel kvardag 

  • Du må like kombinasjonen av å arbeida ute og inne 

Personlege eigenskapar vert vektlagd. 

 

Vi tilbyr 
  • Varierte arbeidsoppgåver i alt frå tettbygde til landlege strøk. 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter gjeldande avtaler. 

  • Tenestebil 

  • Fleksibel arbeidstid 

 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Torbjørn Steffensen

+47 970 90 192

tst@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1fe5b21b-4d25-45e4-92d8-22e1199709ae

Sist endret

1. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3666597_195919_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser