Hopp til innhold

Sommarvikarar 2026

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Miljøtenesta (helse). Sommarvikarar 2026
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Ynskjer du å vere sommarvikar ved miljøtenesta?

Ute er det kaldt, men me har begynt å tenkje på sommarturnusen;)

Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i Miljøtenesta. Eininga bistår brukarar i heile kommunen, men dei fleste brukarane bur på Dalsøyra. Søkjarane må skrive i søknaden frå/til-periode ein kan jobbe og om det er periodar ein ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar. Søkjarar som kan jobbe samanhengande/lengre periodar vil verte prioritert. I hovudsak er det snakk om arbeid i perioden: veke 25-33.

Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.

Arbeidsoppgåver 

  • Legge til rette for- og bidra i brukarane sine daglege gjeremål og fritidsakvititetar

  • Kvalifikasjonar 

    • Det er ynskjeleg med søkjarar som har utdanning innen pleie og omsorg, sosialfag eller pedagogikk, men andre kan også søkje
    • Det er ynskjeleg at søkjarane har førarkort klasse B
    • Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar 

    • ​​​​​​Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane 
    • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
    • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

    Anna 

    • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
    • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
    • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
    • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
    • Løn etter tariff

    Kontaktperson for stillingen

    Carolyn Westervik

    Einingsleiar miljøtenesta

    +4757781661

    carolyn.westervik@gulen.kommune.no

    Om bedriften

    Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7bcf76bf-fb40-421d-8d1f-788f1260f6d2

    Sist endret

    23. mars 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10288338

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser