Hopp til innhold

Rådgivar tenesteutvikling og innovasjon

Arbeidsgiver

Søre Sunnmøre IKT, Tenesteutvikling og innovasjon

Sted

Nedre Dragsund 2, 6080 Gurskøy

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar tenesteutvikling og innovasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 28. mai

Vil du vere med å utvikle betre, smartare og meir samanhengande kommunale tenester med hjelp av digitalisering og teknologi?

Søre Sunnmøre IKT søker to rådgivarar innan tenesteutvikling og kommunikasjon. Du blir del av eit  fagmiljø som jobbar tett på både teknologi, menneske og organisasjon og som har handlingsrom til å påverke. 

Vi ser etter deg som likar å få ting til å skje saman med andre. Du treng ikkje kunne alt, men du må vere nysgjerrig, strukturert og god til å omsette behov til praktiske løysingar. 

Som rådgivar hos oss vil du drive utviklings- og digitaliseringsarbeid saman med kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Arbeidskvardagen er variert, og du får fridom til å forme rolla ut frå kompetanse, interesse og behov i kommunane. Du vil samarbeide tett med både drift, brukarstøtte og alle kommunane. 

Du blir ein del av avdelinga tenesteutvikling og innovasjon. Vi er eit lag på 6 personar som fungerer som bindeledd og pådrivarar på tvers av kommunane. Vi ser etter deg som vil komplettere og styrke laget, med ny kompetanse, erfaring eller perspektiv.  Rolla vil utvikle seg over tid, og du får vere med å forme både arbeidsoppgåver og retning. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere og kan mellom anna vere

  • å leie og støtte utviklings‑ og digitaliseringsprosessar saman med kommunane 
  • å delta i og leie innkjøp av digitale løysingar 
  • å vere bindeledd mellom kommunar, fagmiljø, SSIKT og leverandørar 
  • å fasilitere, koordinere og leie tverrfaglege prosessar og samarbeid 
  • å bidra til vidareutvikling av metodikk, kompetanse og praksis  
  • å følgje med på trendar og utvikling innan digitalisering og teknologi 
  • å delta i fora, nettverk, arbeidsgrupper lokalt, regionalt og nasjonalt 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som følgande kvalifikasjonar:

  • Du har relevant høgare utdanning (relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet).
  • Du har erfaring frå tenesteutvikling, digitalisering, prosjekt‑ eller endringsarbeid .
  • Du forstår samspelet mellom teknologi, organisasjon og arbeidsprosessar.
  • Du er ein systematisk problemløysar og trivst med komplekse problemstillingar. 
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (skriftspråket vårt er nynorsk).

Vi håper også at du har ein eller fleire av desse også:

  • Du har erfaring frå kommunal sektor eller offentleg forvaltning – gjerne interkommunalt samarbeid.
  • Du har erfaring med leverandøroppfølging, innkjøp eller kontraktarbeid.
  • Du har forståing for informasjonssikkerheit og personvern (GDPR), inkludert ROS og DPIA.
  • Du har interesse for ny teknologi og digitale moglegheiter som automatisering eller KI.
  • Du har forståing for digital arkitektur, integrasjonar og informasjonsflyt.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • har gode samarbeidsevner og trivst i rolla som brubyggar
  • er trygg i møte med ulike fagmiljø og leiarar 
  • jobbar sjølvstendig, strukturert og målretta 
  • har god gjennomføringsevne og evne til å prioritere 
  • er nysgjerrig og løysingsorientert

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte og rause kollegaer 
  • meiningsfulle og samfunnsviktige arbeidsoppgåver 
  • ei sentral rolle i eit spennande interkommunalt samarbeid 
  • stort handlingsrom og moglegheit til å påverke
  • gode offentlege pensjons‑ og forsikringsordningar 
  • konkurransedyktige vilkår og ein fleksibel arbeidskvardag 

Kontaktinformasjon

Monica Cecilie Torp, Avdelingsleiar, +47 90743207

Arbeidsstad

Nedre Dragsund 2
6080 GURSKØY

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 5126789782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Monica Cecilie Torp

Avdelingsleiar

+47 90743207

Om bedriften

Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt IT‑ og digitaliseringssamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Vi er eit lite, kompetent fagmiljø med 24 tilsette, organisert i avdelingane drift, brukarstøtte og tenesteutvikling og innovasjon.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7ba94484-69e7-4c63-af3c-df4f6518d772

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

671e72681cab450d8e884665b4cc5c82

Lignende annonser

Laster lignende annonser