Er du sjukepleiar og vil ha ein godt betalt sommarjobb med bonusordning? Då skal du søkje jobb hos oss i Åseral
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral
Om jobben
- Stillingstittel
- Er du sjukepleiar og vil ha ein godt betalt sommarjobb? Då skal du søkje jobb hos oss i Åseral
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
Er du klar for ein sommar med meining?
Vi leitar etter deg som ønskjer å vere vikar for våre dyktige sjukepleiarar – og som vil gjere ein forskjell når det verkeleg trengst.
Hos oss får du vere med på å levere gode, trygge og tilpassa tenester til kvar enkelt brukar.
Om oss
Eining for omsorg har ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggjarane i kommunen.
Vi består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit moderne omsorgsbygg med:
- 5 sjukeheimsplassar
- 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald, avlastning og kommunal augeblikkeleg hjelp)
- 13 omsorgsbustadar, der 5 er på skjerma avdeling for personar med demens
Heimetenesta gir tenester til heimebuande, som:
- Heimesjukepleie
- Praktisk bistand
- Helseteknologi
- Middagsombringing frå vårt eige kjøkken på Åseralsheimen
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta, og som sjukepleiar vil du få varierte oppgåver på begge stader.
Kvifor velje oss?
- Godt arbeids- og fagmiljø
- Mange spanande arbeidsoppgåver
- Garantert minsteløn tilsvarande 16 års ansiennitet
- Bonusordning for den som forplikter seg til å arbeide i full stilling i 4 samanhengande veker eller meir
Kr 2 500 per arbeidd veke.
Minimum 4 veker: kr 10 000
5 veker: kr 12 500
6 veker: kr 15 000
7 veker: kr 17 500
8 veker: kr 20 000
Bonusen kjem i tillegg til ordinær løn etter gjeldande tariffavtale og vert utbetalt etter avslutta arbeidsperiode.
Vil du vere med å skape ein sommar med meining?
Då håpar vi du søkjer sommarjobb hos oss!
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Sjukepleiarfagleg ansvar på skift
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging av legevisitt
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Anna informasjon:
Det er mogleg å ønskje seg å arbeide kun netter, todelt- eller tredelt turnus.
Ferieperioden eri hovudsak frå veke 25 til 32. Oppgje i søknaden dersom det er tidspunkt du veit du ikkje kan arbeide.
Vi ønskjer å tilby 100% stilling i heile perioden.
Legekontoret har òg behov for sjukepleiar på dagtid i heile perioden - oppgje i søknaden kor du ønskjer å arbeide.
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjar må ha førerkort klasse B.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Evner til nytenkning og sjå nye løysingar
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Vi tilbyr
- Lønn etter lov og avtaleverk, og lokal særavtale med garantert minsteløn tilsvarande 16 års ansiennitet
- Kronetillegg for aleinevakter som sjukepleiar
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Varierte og meiningsfylte oppgåver
- Godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Du vil få rettleiing og nødvendig opplæring
- Vi kan hjelpe til med å finne bustad
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5062040391
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Søknadsfrist: 30.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ba57a70-b8b1-48d7-9861-b62dc6989e04
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a4cf9ef5f024b598377c76295f6ef0c
Lignende annonser
Sommarjobb i Omsorg
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral
Arbeidsgiver
HELSE- OG OMSORGSTJENESTEN
Sted
Evje
Brukerstyrt personlig assistent (BPA)
Arbeidsgiver
Uloba - Independent Living Norge Sa
Sted
Åseral