Sommarjobb i Omsorg med bonusordning
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb i Omsorg
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 12
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
Er du klar for ein sommar med meining?
Eining for omsorg søkjer etter pliktoppfyllande og engasjerte sommarvikarar.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggjarane i kommunen, og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit moderne omsorgsbygg med:
- 5 sjukeheimsplassar
- 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald, avlastning og kommunal augeblikkeleg hjelp)
- 13 omsorgsbustadar, der 5 er på skjerma avdeling for personar med demens
- Eige kjøkken
Heimetenesta gir tenester til heimebuande, som:
- Heimesjukepleie
- Praktisk bistand
- Helseteknologi
- Middagsombringing
Vi treng sommarvikarar på Åseralsheimen, i heimetenesta og på kjøkkenet.
Kvifor velje oss?
Godt arbeids- og fagmiljø med mange spenande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Vil du vere med å skape ein sommar med meining?
Då håpar vi du søkjer sommarjobb hos oss!
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
På kjøkkenet er arbeidsoppgåvene i hovudsak å lage mat til bebuarar på Åseralsheimen, her er måltida ein viktig del av dagen. For mange eit av høgdepunkta!
I tillegg lagar kjøkkenpersonell middag til heimebuande, og det er tett samarbeid med avdelinga.
Arbeidstid:
Pleien: Det er mogleg å ønskje seg å arbeide kun netter, todelt- eller tredelt turnus.
Kjøkken: Her er det arbeid på dagtid, òg på helg.
Ferieperioden er i hovudsak frå veke 25 til 32. Oppgje i søknaden dersom det er tidspunkt du veit du ikkje kan arbeide.
Vi ønskjer å tilby 100% i heile perioden, og vikarar som kan arbeide mykje og i heile perioden vil bli prioritert.
Kvalifikasjoner
Pleien:
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller liknande
- Studentar/elevar innan helsefag, eller andre med relevant arbeidserfaring
- Gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Søkjar må opplyse om dei har førarkort
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Kjøkken:
- Fagbrev som institusjonskokk eller liknande
- Studentar /elevar som tek kokkeutdanning
- Erfaring frå liknande arbeid
Personlege eigenskaper
Pleien:- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- Fleksibel og positiv
- Evne til å opptre sjølvstendig
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Kjøkken:
- Glad i å lage mat
- Har erfaring med å lage (freistande) mat til fleire
- Har gode samarbeidsevne
- Er fleksibel og positiv
- Kan arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Studentar med relevant studium får ekstra lønstillegg. Det same gjer dei som har fullført VG1 eller VG2 på helsefag.
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Du vil få nødvendig opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Bonusordning for den som forplikter seg til å arbeide i full stilling i 4 samanhengande veker eller meir
Kr 2 500 per arbeidd veke.
Minimum 4 veker: kr 10 000
5 veker: kr 12 500
6 veker: kr 15 000
7 veker: kr 17 500
8 veker: kr 20 000
Bonusen kjem i tillegg til ordinær løn etter gjeldande tariffavtale og vert utbetalt etter avslutta arbeidsperiode.
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5062031462
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Søknadsfrist: 30.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
02349133-5232-4e39-9ff4-02a7cad87d8b
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
838a68fa5e7d4dfca19a5396c4f4e8ca
Lignende annonser
Er du sjukepleiar og vil ha ein godt betalt sommarjobb? Då skal du søkje jobb hos oss i Åseral
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral
Arbeidsgiver
HELSE- OG OMSORGSTJENESTEN
Sted
Evje
Skule- og barnehagefagleg rådgjevar – 100 % fast stilling
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral