Psykologspesialist/psykolog
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Vi har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund.
Stillinga er for tida delt 50/50 mellom Ambulant akutt team (AAT) og FACT-teamet.
Om poliklinikken:
Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med 54,5 årsverk. Vi tilbyr utredning og behandling innan individual- og gruppeterapi, samt oppfølging av pårørande. Behandlinga kan bestå av ulike former for samtaleterapi, både individuelt og i gruppe, samt medikamentell behandling. Vi har brei fagleg kompetanse innan blandt anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt og etablert samarbeid med dei kommunale tenestene i regionen.
Om Ambulant akutt team (AAT):
AAT gir tilbod om rask vurdering og korttidsbehandling til menneske med psykiske lidingar, eventuelt i kombinasjon med rusmiddelproblem, som ikkje kan ivaretakast av kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta.
Ein akutt psykisk tilstand kan oppstå som følge av sjukdom, langvarig stress eller livskriser, og kan gi utslag i angst, depresjon, psykose eller sjølvmordstankar. Tidleg støtte og riktige tiltak kan forebygge utvikling av alvorleg psykisk liding. AAT tilbyd behandling i krisesituasjonar gjennom samtalar, heimebesøk, konsultasjonar ved DPS og samarbeid med andre tenester. Målet er å førebygge unødvendige innleggingar i sjukehus og bidra til tryggheit og meistring i ein akuttfase.
Om FACT-teamet:
FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er eit oppsøkande, tverrfagleg team som gir heilheitleg behandling og oppfølging til menneske med alvorlege psykiske lidingar og lavt funksjonsnivå. Teamet arbeider fleksibelt og tett på pasienten sin kvardag, og tilbyr både intensiv oppfølging i periodar med høgt symptomtrykk og meir vedlikehaldande kontakt i stabile fasar.
FACT-modellen bygg på kontinuitet, brukermedverknad og tett samarbeid med kommunale tenester. Målet er å fremme meistring, hindre forverring og redusere behovet for innleggelsar. Som psykolog i FACT får du ei sentral rolle i diagnostikk, behandling og fagleg utvikling, samtidig som du får erfaring frå eit spanande og framtidsretta behandlingsfelt.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Teambasert oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar
- Utadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forum
- Akuttvurdering av pasientar
- Vurdering av sjølvmordsrisiko
- Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid
- Veiledning av kollega og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søke då det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Erfaring frå arbeid med psykisk liding
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
- Sertifikat klasse B (personbil)
- Engasjement for faglig utvikling og interesse for å bidra til videreutvikling av behandlingstilbudet i poliklinikken
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og målretta
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg psykologar og psykologspesialistar
- Psykologer som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderes for konstituering som spesialist
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om byen her.
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noTor-Martin Stølan, Teamkoordinator, 94164915, Tor.Martin.Stolan@helse-mr.no
Arbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5008751878
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7b87fba7-1b8e-4aa0-b852-73adc696d4de
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c5d962565ae44238d50f31f80d93990