Ledig årsvikariat som rektor/driftssjef i 100% stilling
Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
Ålfotevegen 52, 6737 Ålfoten
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftssjef
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. januar
Ålfoten oppvekstsenter har ledig eit vikariat som rektor/driftssjef i 100% stilling, frå 05.01.26-31.07.26. Som driftssjef ved Ålfoten oppvekstsenter vil du ha det overordna ansvaret for Ålfoten barnehage og Ålfoten skule. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei oppvekstleiarstilling inneber.
Vi søker etter ein driftssjef som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.
Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage og ein barneskule. Det er ein todelt skule med 18 elevar, fordelt på 1.-4. klasse og 5.-7. klasse. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-5 år går saman.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativ leiing av oppvekstsenteret
- 50% administrasjon og 50% undervisning
- Økonomistyring og rapportering
- Leie og vidareutvikle barnehagane og skulen som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med lovverk og kommunen sine planar og satsingar
- Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
- Bidra til kompetanseutvikling på eiga eining og i samarbeid med andre instansar i kommunen
- Strategisk leiing og planlegging
- Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bacelorgrad
- Erfaring som skuleleiar/barnehageleiar eller minimum 3 års undervisning/pedagogisk erfaring
- Erfaring frå og kunnskap om offentleg forvaltning
- Erfaring frå sakshandsaming og politiske prosessar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Resultat- og utviklingsorientert, innovativ, engasjert, synleg og tillitsvekkande
- Ha gode samarbeidsevner og evne til «å gjere andre gode»
- Ha arbeidsglede og godt humør
- Ha god rolleforståing
- Vere sjølvstendig, trygg og løysingsorientert
- Vere strukturert og ryddig
- Evne til å prioritere mellom mange oppgåver
- Vere utadretta og god til å bygge relasjonar
- Ha gode gjennomføringsevner
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
- Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462Arbeidsstad
Ålfotevegen 526737 Ålfoten
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5060174009
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
+47 97167462
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a857e27-5570-4b2b-b258-d7638af7578b
- Sist endret
7. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7de3c40b3f8a4ff79fbc8617372b5c65
Lignende annonser
Vikariat undervisningsstilling i faga engelsk, samfunnskunnskap, religion, naturfag og geografi.
Arbeidsgiver
Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Sted
Nordfjordeid
Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Sted
Fiskå, Åheim, Syvde, Åheim, Fiskå
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane AS
Sted
Vestland, Oslo, Bergen, Akershus, Asker