Kommunalsjef Oppvekst, kultur og inkludering
Ørsta kommune
Dalevegen 6, 6153 Ørsta, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Vi søkjer deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og vidareutvikle Ørsta kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar!
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer kommunalsjef for kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering som består av barnehage, skule, vaksenopplæring, flyktningteneste, kulturhus, kino, bibliotek, kulturskulen, Kaihuset, frivilligsentral, kulturkonsulent og folkehelsekoordinator. I tillegg ligg samordning med interkommunal PPT til dette kommunalområdet.
I kommunen er det seks kommunale barnehagar og sju kommunale grunnskular. I tillegg samarbeider vi godt med tre private barnehagar og Åmås friskule.
Stillingsomtale
Kommunen er inndelt i tre kommunalområde leia av kommunalsjefar. Som ein av tre kommunalsjefar inngår du i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe. I leiargruppa er du del av eit team der det i tillegg til ansvar for eige kommunalområde, vert forventa at alle tek medansvar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Kommunalsjefen arbeider både med kommunen som organisasjon og tenestene vi gir. Du skal ha eit kontinuerleg fokus på utviklingsoppgåvene og sjå både kortsiktige og langsiktige mål i ein samanheng.
Kvalifikasjonar
ArbeidsoppgåverVi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Kommunen står i ein særs krevjande økonomisk situasjon, og står føre kontinuerleg omstillingsarbeid for å ta ned driftsutgiftene dei komande åra. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunalsjefen har det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for kommunalområdet. Du har også ansvar for saksførebuing til politisk nivå og å fylgje opp politiske vedtak.
Som kommunalsjef evnar du å leie ein organisasjon og eit kommunalområde som stadig er i endring. Du er ein samlande, inkluderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft. Du vil ha direkte personalansvar for dei tilsette i staben din og tenesteleiarane i kommunalområdet ditt.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har god gjennomføringsevne og meistrar å involvere og skape engasjement
- tek eit heilskapsperspektiv der du er løysingsorientert og fleksibel og bidreg til samhandling på tvers av kommunen sine kommunalområde
- medverkar til eit godt partssamarbeid
- har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
- har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse
- har høg økonomisk og analytisk kompetanse, dette vil verte sterkt vektlagt
- Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing, manglar dette vil det verte stilt krav om slik utdanning innan 3 år.
- Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring, primært innan offentleg verksemd
- Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til kommunalområdet sine ansvarsområde
- Relevant leiarerfaring, min. 3 år
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, samt relevant digital kompetanse
- Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk
Vi tilbyr
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Godt arbeidsmiljø
- Deltaking i intern leiarutvikling
- Deltaking i interkommunalt nettverk
- Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.1 C - Leiar Stillingskode: 9440 Kommunalsjef . Stillinga er omfatta av HTA kap.1 § 6.3
Tilsetting i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Søkjarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarane som vert kalla inn må legge fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Det kan verte aktuelt å krevje politiattest før tiltreding.Vi ønskjer mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing.
Kontaktinformasjon
Kari Flø, Kommunedirektør, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.noIdun Lee Hofset, Personalsjef, 48139574, idun.hofset@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5110457657
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a823c21-223e-4729-88c2-16435450ab9f
- Sist endret
16. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c86025565a94418dace21c73cb3b40e5