Hopp til innhold

Er du utviklingsorientert og søkjer nye utfordringar?

Arbeidsgiver

Tolletaten

Sted

5037 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonssjef - forretningsutvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september


Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering. 
 
Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er organisert under ei nyoppretta avdeling for vareførselsutvikling. Vareførselsdivisjonen har nasjonalt ansvar for den registrerte vareførselen, og hovudkontor i Bergen.
 
Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar. 
 
Seksjon bidrar med ressursar både for å ivareta forretningsutvikling i store etatsomfattande program og prosjekt, som til dømes «Digitoll» og «Fremtidens Tollbehandling» og med prosjektleiing og prosesstøtte til interne einingar og divisjonen sine eigne utviklingsinitiativ. Seksjonen har p.t. 12 stillingar og tilsette med høg kompetanse og variert fagbakgrunn. 
Seksjonen er lokalisert i Bergen. Du må rekne med at det blir noko reising.
 
Sentrale arbeidsoppgåver:
Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg. 
Du vil:
  • ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga, og skal nytte og utvikle ressursane i personalgruppa på best mogleg vis for å sikre oppfølginga av dei oppgåvene som til kravr tid ligg til denne seksjonen.
  • samarbeide med andre einingar, utviklingsinitiativ og prosjekt internt i etaten, og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar for å nå måla som er sette.
  • du vil få ei sentral rolle i å strukturere opp og prioritere utviklingsarbeidet i divisjonen

 
Kvalifikasjonar:  
  • relevant master eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatta kravet om mastergradrelevant leiarerfaring 
  • leiarerfaring 
  • svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk  
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk 

 
Det er ønskjeleg med erfaring frå følgjande: 
  • organisasjonsutvikling, forbetringsprosessar og prosjekt- eller prosessleiing
  • regelverksutvikling 
  • gjennomføring av digitaliseringsinitiativ
  • tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt  
  • komplekse organisasjonar 

 
Vi søkjer deg som:  
  • vil vere tydeleg og trygg i leiarrolla 
  • er analytisk, strategisk og utviklingsorientert 
  • har evne til å strukturera og drive fram ulike prosessar innan frist 
  • evnar å byggje gode relasjonar internt og eksternt 
  • er fleksibel og løysingsorientert  
  • er reflektert og trygg på eigne verdiar
  • er motivert av å bidra til utvikling av eit sentralt samfunnsoppdrag 

 
Vi tilbyr: 
  • Moglegheit for den rette kandidat til å forme og utvikle ein nyoppretta seksjon 
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med eit viktig felles samfunnsoppdrag 
  • Lønn, ut frå kvalifikasjonar og erfaring i stillingskode som seksjonssjef i spennet 840 000 – 920 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast 
  • Eit moderne kontorlandskap sentralt på Danmarksplass, med sykkelparkering, treningsrom og ein veldriven kantine fleksibel arbeidstid, og moglegheit for BIA (bevegelse i arbeidstida). I tillegg får du medlemskap i Statens pensjonskasse, som har gode forsikrings- og pensjonsordningar, og dessutan gode vilkår på bustadlån 

 
Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før eventuell tilsetjing, jf. vareførselslova § 1-4. Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET
 
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Kim Sperstad på 944 35 688. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på e-post: PB_VD-HR@toll.no
 
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
 
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
 
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

Kontaktperson for stillingen

Kim Andre Sperstad

94435688

Kim.Andre.Sperstad@toll.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a6065c8-f5c4-4717-a4ec-7b1c2affe5d5

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

sap

Referanse

2134 524880

Lignende annonser

Laster lignende annonser