Lærarstillingar i Tokke kommune
Oppvekst, Tokke kommune
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarstillingar i Tokke kommune
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. mars
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, vikariat og mogleg fast, frå 01.08.26.
To av stillingane er vikariat fram til desember 2026 (Tokke skule)
Arbeidsoppgåver
* Planlegge, organisere og gjennomføre undervisning.* Sikre god klasseleiing.
* Jobbe for eit godt og trygt skulemiljø for alle elevar.
* Ha god dialog og samarbeid med føresette og kollegaer.
* Delta i skulens kompetanse - og utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
* Godkjent lærarutdanning. Me oppmodar særskilt lærarar med ein brei fagkompetanse til å søkje.
* Varm og tydeleg klasseleiar.
* God digital dugleik.
Tokke skule: 1- 10 skule med 159 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
* Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse, samt kontaktlærar frå 5. til 10. klasse. * Særskilde fagynskje; Tysk og musikk.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Mona S Seltveit på e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no eller mob. 916 99 148
Høydalsmo skule: 1-10 skule med 60 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i: * Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. – 10. klasse.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
Personlege eigenskapar
* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.* Vera engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg.
* Fokus på god og tydeleg klasseleiing.
* Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringar.
* Vera ansvarsbevisst og sjølvstendig.
Vi tilbyr
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406Arbeidsstad
Storvegen 603880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5078913684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
+47 97171406
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a472823-3be4-4c97-9c66-83f3551e5f08
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0448a71bfbd4040a1b3b965fec99c8b
Lignende annonser
Lærar i kulturskulen i Tokke
Arbeidsgiver
Oppvekst, Tokke kommune
Sted
Dalen
Ledig 100% vikariat Høydalsmo skule - vår 2026
Arbeidsgiver
Oppvekst, Tokke kommune
Sted
Dalen
Arbeidsgiver
Oppvekst, Tokke kommune
Sted
Dalen