Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule

Sted

Lerkevegen 2, 5212 Søfteland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent ved Søfteland barneskule
Type ansettelse
Fast, deltid 89%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søfteland barneskule  har ledig ein fast  stilling i 89 % som fagarbeidar/assistent i skule og SFO frå 11.01.26.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.

Arbeidsstad 
Søfteland barneskule ligg like ved riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå BergenVi har 210 elevar og 35 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.  
Les gjerne meir om skulen på heimesida: www.softeland.skule.no  

Arbeidsoppgåver 
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.

Kvalifikasjonar 
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar 
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79dd17f2-3c79-4297-b7a8-165b8c1b5b88

Sist endret

7. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3575255_207777_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser