Hopp til innhold

Lærar i Hundesport – 100 % vikariat

Arbeidsgiver

Hardanger Folkehøgskule

Sted

Hordatunvegen 29, 5781 Lofthus

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærer (folkehøyskole)
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Lærar i hundefag - undervisning og formidling

Vi har ei ledig lærarstilling i 100 % frå 1. januar 2026. Stillinga er eit vikariat som varer ut skuleåret 2025/26.

Du må kunne undervise i hundesport og hundeliv generelt, i prosjekt, valfag og dei turane skulen tilbyr. Du bør ha gode samarbeids- og sosialpedagogiske evner, brei fagkunnskap og god menneskekunnskap. Ein må rekne med ein del turdøgn og overnatting i stillinga.

Du vert ansvarleg for alt som gjeld hundehald på skulen: treningsbaner, buforholda for hundane og utstyr.

Stillinga inneheld:
  • undervisning på linja Hundesport, samt valfag, fellesfag, prosjekt og turar

  • vedlikehald og oppgradering av utstyr og fasilitetar

  • utvikling av linjetilbodet og rekruttering til linja

  • sosialpedagogisk arbeid og tilsyn

Vi søkjer ein lærarutdanna pedagog med gode undervisnings- og formidlingsevner. Du har god pedagogisk innsikt, er flink til å omgå ungdom i utvikling, og har brei og allsidig fagkunnskap og -forståing. Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning og instruksjon innan hundehald.

Det er ein fordel om du kjenner til folkehøgskulen.

Du likar å undervise både teoretisk og praktisk, og du er fleksibel, romsleg og god med ungdom.

Innanfor læreemna har ein i folkehøgskulen stor fridom til å lage sine eigne opplegg. Vi ønskjer ein person som kan vere med og vidareutvikle linja, så vel som skulens totale tilbod. Sjå www.hardanger.fhs.no for læreemna på linja.

I søknaden må du skrive noko om korleis du ønskjer å undervise, kva type lærar du vil vere, og kva læreemne du vil leggje vekt på i linjefaget. Du må òg skrive noko om kva valfag du ser for deg å kunne tilby.

Du må ha førarkort for personbil.

Løn etter kvalifikasjonar og erfaring/ansiennitet.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Søknad med CV og referansar sendast til rektor@hardanger.fhs.no snarast. Søknadane vert behandla fortløpande.

Om bedriften

Hardanger Folkehøgskuleer ein tradisjonsrik, frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø der alle skal kunne trivast.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i livet til ungdomane. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulen sine verdiar er:

  • Fellesskap

  • Respekt

  • Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status.

På skulen vektlegg vi mellom anna:

samarbeid, engasjement, læringsglede, meistring, fellesskap, likebehandling, samhald og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring. Undervisninga skal vere praktisk retta, bygd på ein solid teoribase. Elevane skal utvikle seg fagleg, sosialt og personleg gjennom året, og læraren skal leggje til rette for dette.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79c54e33-5cce-46c9-aaa7-8f320d67b4ca

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

79c54e33-5cce-46c9-aaa7-8f320d67b4ca

Lignende annonser

Laster lignende annonser