Hopp til innhold

Vi søkjer ein engasjert programkoordinator i 100 % stilling i Vest-Sør/Sogn og Fjordane

Arbeidsgiver

KFUK-KFUM Noreg

Sted

6800 Førde, 6821 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Programkoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Frist: Aktuelle kandidatar blir vurderte fortløpande.

Brenn du for å skape gode aktivitetar for born og unge? Har du erfaring frå arbeid med opne og trygge møteplassar? Likar du å lage arrangement for born og unge og jobbe saman med frivillige? Då er dette ei moglegheit for deg!


 

Arbeidsstad kan vere i Førde eller på Sandane. Du blir del av eit større team i Område Vest-Sør, og samarbeider tett med lokal krins og hovudforeining. Du vil også samarbeide tett med kyrkja i Sunnfjord.

 

Du får ansvar for å planleggje og gjennomføre aktivitetar og arrangement som konfirmantfestivalar, leirar og treff, og for å utvikle nye tilbod – til dømes fritidstilbod på kveldstid. Arbeidet skjer i tett samarbeid med frivillige og lokale partnarar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til godt rekrutterings- og informasjonsarbeid mot målgruppa, kommunar, kyrkja, skulen og andre relevante partar.
  • Byggje og følgje opp frivillige.
  • Delta aktivt i samarbeidsprosjekt med offentlege, ideelle, private og trusbaserte aktørar på borne- og ungdomsfeltet.
  • Sjølvstendig leiing av prosjekt med budsjett- og resultatansvar i samråd med næraste leiar.
  • Du vil også vere med å utvikle teamet strategisk,  sikre god intern samhandling og føreseieleg arbeid. 

Kompetansekrav - kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor- eller mastergrad og/eller dokumentert erfaring frå arbeid med born og unge.
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med medverknadsprosessar.
  • Erfaring og målgruppeforståing frå arbeid med born og unge.
  • Erfaring frå frivillig arbeid og leiing av frivillige er ein føremon. 
  • Engasjement og kjennskap til borne- og ungdomskultur. Særleg kjennskap til borne- og ungdomsmiljøet i Nordfjord og Sunnfjord er ein føremon.
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B. Disponering av eigen bil er en føremon.

Kompetansekrav - personlege eigenskapar

  • Inkluderande, løysningsorientert, ansvarsfull og strukturert.
  • Evne og kapasitet til å møte og kommunisere med born og unge på ein god måte.
  • Leie aktivitet sjølvstendig og/eller i samarbeid med andre tilsette eller samarbeidspartnarar.
  • God forståing for ulike perspektiv og god til å arbeide metodisk og strukturert.
  • Lagspelar som er oppteken av å gjere andre gode.
  • Sterk verdiforankring og personleg integritet.

Vi tilbyr:

  • Eit meiningsfullt arbeid i ein organisasjon med sterke verdiar
  • Ein variert arbeidskvardag i ein engasjert fellesskap
  • Moglegheit til å forme og utvikle nye prosjekt
  • Løn i høve til tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid og utviklingsmoglegheiter
    • Det må reknast med noko kveld- og helgearbeid, og noko reiseverksemd. I gjennomsnitt kveldsarbeid 2 dagar i veka.
       

Personleg dugleik vil bli tillagt vekt. Gyldig politiattest må leggjast fram. Søkjarar må identifisere seg med KFUK-KFUM Noreg sitt føremål, kristne profil og verdiar.

 

KFUK-KFUM ønskjer å spegle mangfaldet av barn og unge som vi arbeider med og for. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Mangfald er ein ressurs vi vil bruke i alle ledd i organisasjonen vår. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av funksjonsevne, alder, kjønn, etnisitet og seksuell orientering. Vi er alle ein del av mangfaldet.

 

Vi vil vurdere søknadar løpande og kalle inn aktuelle kandidatar til intervju. Det kan derfor vere ein føremon å sende inn søknad snarast mogleg.

 

Ved spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med områdeleiar Kristin Edvardsen Engeberg. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Kontaktperson for stillingen

Kristin Edvardsen Engeberg

Områdeleder Vest-Sør

+4793625110

kristin.engeberg@kfuk-kfum.no

Om bedriften

KFUK-KFUM Noreg skaper opne, trygge fellesskap der barn og unge kan vere seg sjølve, få opplevingar for livet og utvikle seg som heile menneske. Vi er ein grasrotorganisasjon med global gjennomslagskraft. I Noreg deltek nærare 50 000 barn og unge årleg i eit mangfald av aktivitetar i kyrkje og samfunn, og vi når om lag 100 millionar på verdsbasis som del av YWCA og YMCA.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79819ca4-605c-45cb-a124-9eff5140c9dc

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

recman

Referanse

464870

Lignende annonser