Hopp til innhold

Avdeling for fleirspråklege barn og unge

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kommunalsjef Oppvekst

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Fleire ledige stillingar som tospråkleg lærar / morsmålslærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 2. juni

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke og har administrasjonsspråk nynorsk. Kommunen har ambisjonar om å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar, og legg vekt på kvalitet, kompetanse og godt samarbeid i tenestene sine. Skulane i Øygarden skal vere inkluderande fellesskap der alle elevar får høve til å utvikle seg fagleg og sosialt.

Øygarden kommune har ledige ulike stillingar som tospråkleg lærar og/eller morsmålslærar for elevar i grunnskulen, på fleire ulike språk. Stillingane kan vere faste og/eller mellombelse, i heil- eller deltidsstilling, avhengig av behov og språk.

Stillingane er knytte til arbeidet med særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-6, og skal bidra til at fleirspråklege elevar får eit likeverdig opplæringstilbod i tråd med kommunen sitt verdigrunnlag om inokulering, fellesskap og respekt.

OM SÆRSKILD SPRÅKOPPLÆRING (§ 3-6)

Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje ordinær opplæring, har rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-6.

Særskild språkopplæring kan omfatte:

  • Opplæring i norsk
  • Tospråkleg fagopplæring
  • Opplæring i morsmål

Opplæringa skal vare så lenge eleven har behov for det, og ein tospråkleg lærar støttar eleven både fagleg og sosialt. Læraren kan fungere som ein viktig bidragsyter i samarbeidet mellom skule, elev og heim. Læraren har forståing for den kulturelle bakgrunnen til eleven og bidreg til at eleven får tilstrekkeleg språkleg støtte for fagleg utvikling, og trivnad på skulen

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring i tråd med vedtak etter § 3-6
  • Språkleg og fagleg støtte til fleirspråklege elevar
  • Samarbeid med lærarar, skuleleiing og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • Dokumentasjon og oppfølging av elevane si utvikling
  • Bidra aktivt til eit trygt og inkluderande læringsmiljø

KVALIFIKASJONAR

  • Relevant pedagogisk utdanning er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid med fleirspråklege elevar i grunnskule
  • Kjennskap til opplæringslova § 3-6
  • Gode ferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg
  • Gode ferdigheiter i aktuelt språk
  • Digital kompetanse som er relevant for undervisning
  • Bør disponere eige bil, då stillinga finn sted på fleire stadar i kommunen. 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Du er ein trygg og tydeleg vaksen som bygg gode relasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i fellesskap
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Du har interesse for språkleg og kulturelt mangfald

VI TILBYR

  • Ein meiningsfull arbeidskvardag i ein stor og variert kommune
  • Eit inkluderande og fagleg kompetent arbeidsmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordningar
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

PRAKTISK INFORMASJON

  • Politiattest må leggjast fram før tilsetjing
  • Etter søknadsfristen vert det sett opp offentleg søkjarliste i tråd med gjeldande regelverk
  • Søkjarar som ber om unntak frå offentleggjering vil bli varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følgje

Kontakt

Cecilia Byrknes

Cecilia.byrknes@oygarden.kommune.no 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Cecilia Byrknes

97772775

cecilia.byrknes@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79101e2e-7034-4c54-af51-02f67723acee

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3629471_192259_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser