Sommarjobb
Kartverket
Lars Hilles gate 19, 2. etg., 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommerjobb
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Om stillingene
Kartverket Vestland søkjer 1–2 studentar til spennande og relevante oppgåver innan geodata og kartarbeid. Her får du fagleg påfyll og høve til å bidra med viktige kartdata til nytte for samfunnet.
Vi tilbyr fagleg relevante arbeidsoppgåver og høve til å bli kjend med ein kunnskapsrik organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Kartverket har fylkeskartkontor over heile landet, med eit breitt spekter av arbeidsoppgåver. Mange av kontora skal ha sommarhjelparar i år, og vi legg opp til eit felles forum på Teams for studentar som har sommarjobb ved dei ulike fylkeskartkontora, for dialog og erfaringsutveksling.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetsheving av geodata, med hovudvekt på kvalitetsheving av datasettet TraktorvegSti
- Andre oppgåver kan leggjast til ved behov
Kvalifikasjonskrav
- Du må ha starta høgare utdanning. Søkjarar som studerer geografi eller liknande fag vil bli føretrekte.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel med erfaring i handsaming av kartdata
- Personlege eigenskapar:
- Du kan arbeide sjølvstendig og setje deg inn i nye problemstillingar og fagområde.
- Du er systematisk og strukturert.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver.
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar, er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv. Ved å jobbe hos oss er du med på å påverke samfunnsutviklinga.
Vi ønskjer å gi dei tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står i fokus. Vi er 14 tilsette ved fylkeskartkontoret i Bergen og er ein fin gjeng med eit godt arbeidsmiljø. Kontoret ligg sentralt i sentrum, like ved eit kollektivknutepunkt. Vi har både sommarhjelpar og praksiskandidatar kvart år, og gler oss til å bli kjende med fleire nye unge.
Vi tilbyr
- Spennande sommarjobb tilrettelagd for læring og utvikling i eit triveleg arbeidsmiljø.
- Opptening av pensjonspoeng i Statens pensjonskasse.
- Sommarjobben blir lønt som teknikar, kode 1090, kr 260 per time.
Om søknaden din
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring», og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteke av mangfald og ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen.
Søkjarliste er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Anne Lien
fylkeskartsjef
+4790058717
Om bedriften
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnane. Vi i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale produkt og tenester.
Ambisjonane våre på vegner av Noreg er store. Vi er over 800 stolte kartverkstilsette som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal bli leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart vi tildelte den prestisjetunge «Bedre Stat»-prisen for arbeidet vårt med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Jobben vår er å gjere det enkelt å samle inn, bearbeide og dele stadfesta informasjon.
Dataa våre spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og i arbeidet med å finne svar på framtidas klimautfordringar. Vi er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Oppgåva vår er å byggje og halde ved like den nasjonale geografiske infrastrukturen for sjø og land, og å samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Vi har 13 kontorstader frå sør til nord, i tillegg til eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Vi treng stadig fleire med på laget. Kanskje blir du ein av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78e568d3-cd08-4883-8704-65f1b18516a8
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276972
Lignende annonser
Sommerjobb 2026 DNB - Bergen
Arbeidsgiver
DNB
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Field Geospatial AS
Sted
Bergen, Oslo, Trondheim