Gartner/Gartnar (Sesongmedarbeidar/Gartnarmedhjelpar) 2026
Universitetet i Bergen
Universitetshagene - enten på Milde eller i Muséhagen på Nygårdshøyden, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Gartner/Gartnar (Sesongmedarbeidar/Gartnarmedhjelpar) 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Vi søkjer etter sesongmedarbeidare (gartnarmedhjelpare) ved Universitetshagene på Milde og i Muséhagen. Er du interessert i planter, natur og hagebruk? Liker du godt å arbeide ute? I perioden april - september trenger vi ekstrahjelp til arbeid i plantesamlingane våre på Milde og i Muséhagen på Nygårdshøyden. Engasjementet kan variere fra fire (4) uker inntil seks (6) månadar. Universitetshagene består av Arboretet, Bergen botaniske hage og Muséhagen som er organisert under Universitetsmuseet ved UiB.
Utfyllande informasjon om Universitetshagene: https://www.uib.no/universitetshagene
Arbeidsoppgåver:
- Luking og stell av plantesamlingane
- Slått med grasklippar, trimmar og slåmaskiner
- Utplanting
- Produksjon, stell og vedlikehald av veksthusplanter
- Annet gartnararbeid etter behov
- Arbeid i helgene kan bli aktuelt, f.eks. å delta aktivt på dei ulike arrangementa
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Gartnerutdanning er ønskeleg, men er ikkje eit krav
- Vi søkjer etter deg som er positiv, sjølvstendig, arbeidsvillig med gode samarbeidsevner
- Fylt 18 år
- God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode engelsk kunnskapar telje positivt
- Førarkort for bil er ønskeleg, men er ikkje eit krav
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn som fagarbeidar (kode 1117) vert løna med årsløn tilsvarande 421 500 – 462 500 i 100% stilling i det statlege regulativet. Stillinga er plassering i stige, og lønnsplasserast etter dokumentert lønnsansiennitet ved tiltreding, eller løn som fagarbeidar med fagbrev (kode 1203) i årsløn tilsvarande 490 900 - 498 900 i 100% stilling. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-virksomhet)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: overgartner Mladen Golubovic, telefon +47 94878859 eller e-post mladen.golubovic@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til et intervju. Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal innehalde
- Begrunnelse for søknaden
- Tidsrommet du kan arbeide - i perioden frå april til og med september
- CV med oversikt over utdanning og arbeidserfaring
- Relevante attestar (må innehalde tydeleg oversikt over antall dagar og antall timer)
Ved tiltreding i stilling som fagarbeidar (kode 1117) kan innlevering av attester for tidlegare arbeidsforhold utanfor UiB (over 37% stillingsprosent), som samla sett utgjer meir enn eitt års varigheit tilsvarande 100% stilling, medføre justering av lønsplassering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1b8dbbe-f130-4ac1-9aa1-927634bc0393
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274896
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Universitetsbibliotekar/førstebibliotekar i teknisk-naturvitskaplege fag (vikariat, 60%)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen