Rådgjevar (studentrekrutteringsansvarleg)
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar (studentrekrutteringsansvarleg)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Rådgjevar (studentrekrutteringsansvarleg)
Ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er det ledig ei spennande, fast stilling som rådgivar, med særskilt ansvar for studentrekruttering.
Vi søkjer ein initiativrik, kreativ, strukturert og positiv medarbeidar som vil vere med å styrke rekruttering og profilering av fakultetet sine studietilbod. Den som vert tilsett vil få hovudansvar for studentrekruttering, merkevarebygging i sosiale medium, lede studentambassadør-teamet og oppfølging av fakultetet sin rekrutteringsstrategi.
Hos oss vil du jobbe tett på utdanning og forsking i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for studentrekruttering og profilering av fakultetet sine studietilbod i sosiale medium, på nettsider og ut mot vidaregåande skular.
- Produksjon av rekrutteringsmateriell, videosnuttar og anna relevant innhald til kanalane våre.
- Samarbeid med kommunikasjonsansvarleg ved fakultetet, eksterne kommunikasjonsbyrå, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, kommunikasjonsavdelinga sentralt, fagmiljøa og andre relevante aktørar.
- Bidra til å bygge omdømme og vidareutvikle merkevara Realfag UiB.
- Vidareutvikle og følgje opp fakultetet si ordning med studentambassadørar. Dette inneber kontakt med studentmiljøa, tilsetjing av nye ambassadørar, opplæring og oppfølging av desse.
- Søkemotoroptimalisering, innsikt og rapportering.
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du har relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Gjerne innan kommunikasjon, prosjektleiing, journalistikk, marknadsføring eller administrasjon-/organisasjonsvitskap. Relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Du trivst med å jobbe på tvers av fagfelt og er god på å kommunisere mot ei ung målgruppe. Du veit kva dei unge er opptatt av og har erfaring med strategisk bruk av sosiale medium som kommunikasjonsverktøy.
- Du har svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på nynorsk, bokmål og engelsk.
- Du syns det er gøy med ein variert arbeidskvardag og brenn for å formidle studietilboda våre til potensielle søkjarar.
- Du vert motivert av å leie eit team og har gjerne erfaring med å koordinere ulike aktivitetar og arrangement.
- Du er strukturert, kreativ, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
- Du er omstillingsdyktig, initiativrik og motivert for å bli vår nye kollega.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og internasjonalt kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling.
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn på 614 900-670 000 i det statlege lønsregulativet avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Bianca Nygård på e-post Bianca.Nygard@uib.no eller telefon +47 41107123, eller rekrutteringsansvarleg Ina Hilton på e-post: ina.hilton@uib.no eller telefon: +47 95853686.
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgjevar Karoline Christiansen, e post karoline.christiansen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b26457ff-3c75-459a-942d-71cc6266dfaf
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274705
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Universitetsbibliotekar/førstebibliotekar i teknisk-naturvitskaplege fag (vikariat, 60%)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen